Diku har tildelt midlar til fem universitet og høgskular for å styrke kvaliteten på praksis i lærarutdanningane
– Praksis er ein viktig del av lærarutdanningane og skal førebu lærarstudentane på kvardagen i barnehage og i klasserom. Vi veit at det er for store variasjonar i kvaliteten på praksistilbodet, og med denne ordninga ønsker regjeringa å styrke kvaliteten slik at alle studentar får eit lærerikt praksisopphald. Målet må også vere at dei gode erfaringane frå prosjekta blir delte på tvers av lærarutdanningane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim
Nord universitet, NTNU, Høgskulen på Vestlandet og Høgskolen i Østfold får om lag fem millionar kroner kvar for å styrke kvaliteten på praksis i lærarutdanningane.
–Alle prosjekt skal føre til forskingsbasert kunnskap om nye måtar å organisere praksissamarbeid og praksisrettleiing på. Resultata frå prosjekta skal gjerast ope tilgjengeleg og skal fritt kunna delast, gjenbrukast og bli vidareutvikla av andre lærarutdanningar, seier Diku-direktør Harald Nybølet.
Les heile meldinga frå Kunnskapsdepartementet
Meir om Dikus program for kvalitetsutvikling av praksis i lærarutdanningane