Aktuelt
Aktuelt
17.12.2020

97 millionar til betre praksis på helse- og sosialfag

Diku har tildelt midlar til 12 prosjekt som skal gi betre praksis for studentar på helse og sosialfag.
 

Regjeringa vil at fleire studentar skal ha praksis i kommunenehelsetenesta. Åtte universitet og høgskular får no pengar til å utvikle nye praksisplassar i samarbeid med kommunane. 

Meir og betre praksis i kommunane

– Mange av dagens studentar i helse- og sosialfagutdanningane skal ut og jobbe i kommunane når dei er ferdige, men i dag er mangel på praksisplassar ei hindring. Derfor bruker vi no nesten 100 millionar kroner på nyskapande prosjekt som skal gje studentane god og relevant praksis i kommunane. Dette er vi avhengige av for at helse- og sosialtenestene i heile Noreg skal kunne rekruttere kvalifisert personell, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

I 2035 vil Noreg trenge 28 000 fleire sjukepleiarar. I tillegg er behovet for anna helse- og omsorgspersonell stort. Spesielt distriktskommunane treng meir personell. Samstundes har helsereformene dei siste åra flytta meir av helsetenestene ut i kommunane, for å være nær der folk bor. Det betyr at praksisplassane og rettleiarkompetansen må følgje etter. Prosjekta som nå blir finansiert bidrar til meir og betre praksis i kommunane.

– Det er stor geografisk spreiing i prosjekta som får stønad. Kommunar i alle landets fylke er involvert.  På denne måten får studentane praksisplassar av høg kvalitet, samstundes som det sikrer større rekruttering av kvalifisert helsepersonell til distriktskommunar, seier Diku-direktør Harald Nybølet. 

Les heile meldinga frå Kunnskapsdepartementet

Meir om pilotordning for kommunal praksis i helse- og sosialfag utlysing 2019 og utlysing 2020