Aktuelt
Aktuelt
08.02.2021

Bli med på undersøking om nettpedagogisk kompetanse

Er det behov for tiltak som kan styrke nettundervisninga høgare yrkesfagleg utdanning? For å finne svar, har me sendt ut ei spørjeundersøking til alle lærarar i fagskolane. 

Spørsmåla i undersøkinga handlar om lærarane sin kompetanse, erfaring, praksis og haldningar knytt til nettundervisning.

Student med laptop og lærebok

Resultatet frå undersøkinga skal mellom anna gi kunnskap om behov for tiltak som kan styrke nettundervisninga i sektoren. 

– Dess fleire svar, dess riktigare bilete vil undersøkinga gi av status for nettundervisning i fagskolane. Det er derfor viktig at så mange lærarar som råd svarer. Vi oppfordrar lærarar både i større og mindre stillingar, inkludert timelærarar, til å svare, seier Else Kathrine Nesmoen, seksjonsleiar i Seksjon for utdanning og arbeidsliv i Diku. 

Spørjeundersøkinga er del av ei kartlegging av nettpedagogisk kompetanse i høgare yrkesfagleg utdanning.

Invitasjonen kjem på e-post frå Linn Synnøve Skutlaberg hos ideas2evidence, som gjennomfører undersøkinga på oppdrag frå Diku.

Svarfrist: 14. mars 2021.

Har du spørsmål til undersøkinga? Kontakt: Kjerstin Bruvold Klokkeide eller Martin Paulsen hos Diku.