Aktuelt
Aktuelt
05.06.2020

Deler ut 100 millionar til fleksible utdanningstilbod

Femten universitet og høgskular får tilskot til å utdanne studentar som ikkje kan studere fast ved ein campus. Det skal gjere det enklare for fleire å få kompetansepåfyll.

– Dei fleksible tilboda vil gi fleire tilgang til utdanning, uavhengig av tid, stad og livssituasjon. Utdanning speler ei nøkkelrolle når vi skal ruste noverande og framtidige arbeidstakarar for framtida sine behov, seier Diku-direktør Harald Nybølet.

Målet for ordninga er at akkrediterte universitet og høgskular skal kunne tilby fleksibel og relevant utdanning for studentar som ikkje har høve til å studere fast ved ein campus. I 2020-tildelinga legg ein særleg vekt på studietilbod som dekkjer behov knytt til berekraftig omstilling og miljøvenleg næringsutvikling («grønt skifte»), teknologi og helse.

Diku lyste ut utviklingsmidlane i slutten av januar. Som følgje av koronakrisa foreslo regjeringa i mai å styrke ordninga med ekstra midlar gjennom revidert nasjonalbudsjett.

17 universitet og høgskular leverte totalt 60 kvalifiserte søknadar, som har blitt vurderte av ein ekstern vurderingskomité. Komiteen har innstilt på at 39 søknadar er støtteverdige. Av desse gjeld 27 søknadar tilbod om etter- og vidareutdanning, medan 12 søknader gjeld grunnutdanning.

Sjå pressemelding frå Kunnskapsdepartementet med oversikt over kva tilbod som får tildeling