Aktuelt
Aktuelt
05.06.2019

Dialogmøte om kunstnarleg utviklingsarbeid

Styret i den nasjonale forskarskulen i kunstnarleg utviklingsarbeid inviterte nyleg norske institusjonar som har stipendiatar tilknytt forskarskulen til dialogmøte. 

Møtet fann stad i lokala til Kunsthøgskolen i Oslo. Det årlege dialogmøtet har ein rådgjevande funksjon ovanfor styret i forskarskulen, og under møtet vart den pågåande revisjonsprosessen for forskarskulens opplæringstilbod lagt fram og drøfta.

Deltakarane gav uttrykk for at dei opplever at det ligg ein grundig prosess bak revisjonsforslaget, men hadde også innspel og forslag til  justeringar som vert tatt med til styremøte 17. juni. Målet er at styret då skal vedta ny skildring av opplæringstilbodet, og at det deretter vert utvikla ein meir detaljert kursplan som vil bli oppdatert årleg. 

Les meir: Ny forskarskule skal styrkja kunstnarleg utviklingsarbeid

Opptak av stipendiater til og med 2020

Under dialogmøtet orienterte også institusjonane om planar for opptak av nye stipendiatar i kunstnarleg utviklingsarbeid. Det kom tydeleg fram at det norske fagmiljøet knytt til kunstnarleg utviklingsarbeid er i omstilling, og at institusjonar som ikkje alt har etablert ei doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid, og som har for små fagmiljø til å kunne oppretta eigne grader, er i ferd med å etablera nasjonale eller internasjonale samarbeid rundt ph.d.-utdanninga.

Det medfører at nokre institusjonar er måtehaldne med å ta opp stipendiatar, slik at samla tal nye stipendiatar frå hausten 2019 ser ut til å verta rundt 23. Eit mindre tal av dei nye stipendiatane vil vera knytte til Program for kunstnarleg utviklingsarbeid. Programmet har høve til å ta opp stipendiatar til og med 2020. Under møtet orienterte også Diku om at det ligg ann til å bli rekordmange disputasar innan kunstnarleg utviklingsarbeid, med elleve gjennomførte disputasar så langt i år. 

Årets Artistic Research Forum

Vidare orienterte Diku og Høgskolen i Innlandet om den kommande nasjonale konferansen for kunstnarleg utviklingsarbeid, Artistic Research Forum. Konferansen er i år eit samarbeid mellom Diku og høgskulen, og finn stad 23. og 24. september ved Filmskolen på Lillehammer. Under konferansen vert det presentert og drøfta ei rekkje prosjekt knytt til kunstnarleg utviklingsarbeid, som spenner frå kunst, musikk, design og dans, til teater og film. Konferansen er også ein del av opplæringstilbodet til forskarskulen, der stipendiatar deler og diskuterer pågåande prosjekt i eit utvida og fleirfagleg miljø.