Aktuelt
Aktuelt
10.09.2020

Digital konferanse om internasjonalt samarbeid

Frå 14. til 16. oktober kan du velja i meir enn 50 digitale sesjonar om internasjonalisering av utdanning, arrangert av EAIE. 

European Association for International Education (EAIE) jobbar for internasjonalisering av høgare utdanning, og arrangerer årleg ein konferanse som vanlegvis samlar over fem tusen personar frå heile verda.

Virtuell møteplass

I år vert det ein virtuell konferanse, men mykje av innhaldet er det same. Her kan du delta på seminar, ein-til-ein møte, sjå på ‘posters’ og delta i diskusjonsgrupper. 

– Denne konferansen er vanlegvis ein viktig møteplass for folk som jobbar med internasjonalisering, og den digitale versjonen vil truleg gi oppdateringar og ny kunnskap. Mellom anna er det fleire sesjonar om det nye Erasmus+-programmet, seier Vidar Pedersen, fagdirektør for europeisk samarbeid i Diku. 

– Sjølv om konferansen i år vert digital, ser EAIE ut til å ha laga eit spennande og variert program, som er vel verdt å få med seg.

Oppdatering om Erasmus+


EAIE er frivillig drive av fagfolk innan internasjonalisering av utdanning frå heile verda. Unni Kvernhusvik Sagberg ein av desse. Ho er til dagleg rådgjevar i Diku, men leiar også EAIE si tematiske gruppe «European Collaborative Programmes», som følgjer tett opp både Erasmus+ programmet og fellesgrader. Frå oktober 2020 går ho over i ny rolle som medlem i ‘Rådet’ til EAIE, som er ansvarlege for strategi og økonomi. 


– Eg ser på arbeidet til EAIE som utruleg viktig for alle som jobbar med internasjonalt samarbeid, ikkje minst i denne veldig spesielle perioden me er inne i no. 

Unni Sagberg trur den virtuelle konferansen vil vera svært aktuell for tilsette i sektoren som ønskjer oppdateringar, både om det nye Erasmusprogrammet, europeiske universitetsnettverk, studentmobilitet og COVID-19, virtuell mobilitet og andre tema. 

Ekspertgrupper


– Her kan du utveksla erfaringar, få ny kunnskap og dela gode idéar med andre som har same interesser som deg. 

Sagberg legg til at også EAIE sine tematiske grupper, såkalla ‘Expert Groups’ er verdt å ta ein kikk på. 

– Det finst mange ekspertgrupper, blant anna for internasjonalisering heime, europeiske program, utviklingssamarbeid og alumni.  Desse kan du melda deg inn i på LinkedIn, og slik få tilgang til diskusjonar, faglege råd og god litteratur. 

Konferansen dekker fleire aktuelle tema som du kan lesa meir om på EAIE sine nettsider. I tillegg blir det sesjonar om korleis ein som arbeidstakar kan handtera den digitale kvardagen mest mulig effektivt. 

Konferansen har ei påmeldingsavgift – denne gjev også tilgang til sesjonane i opptak i ein viss tidsperiode i etterkant.