Aktuelt
Aktuelt
29.05.2019

Endra kunstnarleg uttrykk etter tverrfaglege møte

Kunstnarleg utviklingsarbeid er i Noreg sidestilt med vitskapleg forsking, og er eit område i utvikling. Med etableringa av doktorgradsutdanning og ny nasjonal forskarskule i 2018 står kunstnarleg utviklingsarbeid framfor ein ny epoke. Me har møtt ein av dei som har vore del av omstillinga, og som har opplevd å endra både arbeidsprosess og uttrykk i møte med den «den norske modellen» for kunstnarleg utviklingsarbeid, stipendiat Andy Lock. 

Andy Lock er stipendiat ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst, Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen. Han er utdanna innan fotografi, og hans kunstnarlege utviklingsarbeid starta med ei interesse for den fotografiske representasjonen av tomme rom, men har utvikla seg til å omfatte både performance og installasjonar.

 

Rom og tomrom

Nyleg viste Andy Lock fram delar av prosjektet på Hordaland kunstsenter og det stengde Naturhistoriske Museum i Bergen.

En mann leser opp fra et ark foran tilhørere på Naturhistorisk museum i Bergen - omgitt av ulike hvalskjeletter.

Andy Locke på Naturhistorisk museum i Bergen (Foto: Jane Sverdrupsen)

Lock interesserer seg for dei tilsynelatande tomme romma, i utvida forstand: Gapa eller intervallane mellom tale, mellom handling, mellom det som er til stades og det som er fråverande. Naturhistoriske Museum er tilsynelatande tomt, eit museum utan samling, men samstundes fullt. 

Nyleg viste Lock fram delar av prosjektet på Hordaland kunstsenter og Naturhistoriske Museum i Bergen. (Foto: Jane Sverdrupsen)

Insekt som utgjer delar av samlinga er fjerna frå montera i samband med oppussing, men er like fullt tilstades som høgst levande skadedyr og ei utfordring for konservatorane. Gjennom fotografi og video, installasjonar og munnlege framføringar får Andy publikum til å leggja merke til det som elles gjerne unndreg seg merksemd. I staden for å fylla tomromma, dveler Andy ved dei, og gjer dei merkbare for andre. Prosjektet søkjer å bidra til refleksjon og utvida forståing av samspelet mellom fråvær og nærvær, særleg knytt til kropp og rom. I eit teknologitungt samfunn er gjerne grensene mellom det å vera til stades og det å vera fråverande blitt meir uklare.  

Les meir: Ny forskarskule skal styrkja kunstnarleg utviklingsarbeid

Endra prosess og kunstnarleg uttrykk

Forgjengaren til doktorgradsutdanninga, Stipendiatprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid, vart etablert i 2003. Programmet vert ofte omtalt som «den norske modellen», der utgangspunktet er kunsten og den kunstnarlege aktivitetens verksemd og produktutvikling, og der refleksjon og tverrkunstnarleg kommunikasjon og samarbeid står sentralt. 

For Lock har møtet med det norske programmet for kunstnarleg utviklingsarbeid og med stipendiatar frå ulike fagmiljø medført radikalt endra arbeidsprosess og nye uttrykk. Temaet for utforsking, tomromma, mellomromma, det som er til stades, men som blir oversett, overhøyrt, er det same, men Andy eksperimenterer i langt større grad med tverrkunstnarlege uttrykk, og sjølv opplever han at det vil vera umogeleg og uinteressant å gå attende til tidlegare arbeidsformer. 

– Gradvis har deltaking på seminar og konferansar som er del av det fellesfaglege opplæringstilbodet gjort meg meir open, og bidratt til å skapa eit rom for kreativ spekulering og konstruktiv dialog. Eg har blitt mindre opptatt av å ha klart eit svar, og mykje mindre reservert når det gjeld å respondera på andre sine presentasjonar og gå inn i diskusjonar rundt prosjekta deira. Mangfaldet og det at deltakarane har så ulike faglege bakgrunnar har ført til opne, rike og uventa diskusjonar. Eg har eksempelvis sjølv blitt påverka av innspel frå ein scenograf og ein musikar, fortel Lock.  

Kunstnar Andy Locke (Foto:  Jane Sverdrupsen)

Lyd har også blitt eit repeterande element i samspelet mellom å vera til stades og fråverande, mellom kropp og rom. Delar av arbeidet har teke utgangspunkt i Heinrich Bôlls novelle Murke’s Collected Silences frå 1955, som handlar om ein radioprodusent som er besett av å samla på pausar og mellomrom mellom ord, pausar og mellomrom som har blitt fjerna frå radioprogramma. I museet i Bergen blir publikum introduserte for Murke, men Murke har også vore til stades på ein benk i Berlin, der han saman tilfeldig forbipasserande lyttar til nøling, pausar og byens lydmessige intervallar.

 «It is only when I rest that I sense your presence»

På Hordaland kunstsenter fekk publikum oppleva ein respirator, som byrja å pusta i det publikum kom inn i rommet, men som vart stille då dei nærma seg. Respiratoren var ikkje kopla direkte til eit menneske, slik han vanlegvis er, men reagerte på publikums nærvær og fråvær. 

I Noreg har det vore viktig å leggja til rette for møte mellom stipendiatar på tvers av fagfelt, og seminar og konferansar har vore arenaer for deling og drøfting, noko som vil bli vidareført av den nye nasjonale forskarskulen. For Lock har dei tverrkunstnarlege arenaene hatt stor tyding.

– Eg har nyleg gjennomført min tredje og siste vårkonferanse, og på alle tre konferansane har presentasjonane mine teke ulike former. Seminar og konferansar har vore åstad for ei rekkje tydingsfulle augneblinkar i utviklinga av forskinga mi. Eg trur også det er rett å seie at eg har hatt størst utbyte av dei siste seminara og konferansane, grunna at mi eiga forståing av kunstnarleg utviklingsarbeid og samanhengen mellom kunnskap og praksis har utvida seg, og også vorte meir nyansert.

Lock har vore del av både ny og gammal tid: Han starta som stipendiat i Program for kunstnarleg utviklingsarbeid, men har søkt om overføring og er no stipendiat i Universitetet i Bergens ferske doktorgradsprogram i kunstnarleg utviklingsarbeid. 

Kunstnarleg utviklingsarbeid resulterer ikkje i ei teoretisk avhandling, men i eit kunstnarleg arbeid, som kan ta form som utstillingar, visningar, konsertar, happeningar eller anna, følgt av ein refleksjon i valfritt format. For kunstanren er det framleis ope korleis sluttarbeidet blir, men truleg vil særleg dokumentasjon frå siste fase av prosjektet og ei live-framføring utgjera viktige element: Uansett skal prosjektet resultera i ny kunnskap, innsikt, uttrykk eller opplevingar knytt til samspelet mellom det som er til stades og det som er fråverande, og dei ofte uklare grensene mellom dei to tilstandane. 

Fakta

  • Stipendiatprogrammet i kunstnarleg utviklingsarbeid vart etablert i 2003.
  • Programmet vert gradvis fasa ut som følgje av at det frå 2018 er etablert institusjonsvise doktorgradsutdanningar i kunstnarleg utviklingsarbeid. 
  • Programmets fellesfaglege opplæringstilbod vert vidareført gjennom Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid.
  • Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid vert administrert av Diku, men har eit eige fagleg styre med representantar frå institusjonar med doktorgradsprogram. Stipendiatane har også ein representant i styret.