Aktuelt
Aktuelt
08.10.2019

Haustkonferanse i bilete

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid skal fremja forståinga av kunstnarleg forsking. Kvar haust møtes prosjekta for presentasjon og drøfting.

Artistic Research Autumn Forum 2019 fann stad på Lillehammer, ved Den norske filmskolen, Høgskolen i Innlandet. 

Haustkonferansen er den viktigaste arenaen for presentasjon og drøfting av prosjekt støtta av prosjektprogrammet. I år blei sju prosjekt delt som representerer ulike kunstnarlege uttrykk og insitusjonar. 26 stipendiatprosjekt vart også presentert. Nokre prosjekt er i oppstartfasen, medan andre er heilt i avslutninga. 

Konferansen inngår i opplæringstilbodet til den nasjonale forskarskulen i kunstnarleg utviklingsarbeid. 

Program for kunstarleg utviklingsarbeid lyser ut rundt 20 millionar kroner til nye prosjekt med frist 15. oktober. 

Artistic Research Forum 2019 i billete

For fleire bilete, sjå Facebook-gruppa Diku - Program for kunstnerisk utviklingsarbeid.

 

Gjennom historiar og myter formidla av fastbuande, besøkjande og menneske som ikkje har vore der, har det etablert seg ei forståing av kva «nord» er. I ArtVapo – True North vert omgrepet undersøkt gjennom kunstnarlege uttrykk, med utgangspunkt i den kanadiske geografen Louis-Edmond Hamelins «nordleiks-indeks». Framføring ved Amund Sjølie Sveen, Liv Hanne Haugen og Erik Stifjell, Nordting.

Utdrag frå presentsjonen til stipendiat Kjersti Sundland, Universitetet i Bergen, Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst. Sundland er tredjeårsstipendiat, og har hatt Maziar Raein som moderator i både oppstarts- og avslutningspresentasjonen: – Prosjektet har vore gjennom ei stor utvikling, sa Raein.  

Stipendiat Andrea Parkins, Norges musikkhøgskole.