Høyring rapport – Grønne indikatorer for universitets- og høgskolesektoren

Diku har fått i oppgåve frå Kunnskapsdepartementet å sende rapporten «Grønne indikatorer for universitets- og høgskolesektoren» på høyring med høyringsfrist 8. mai 2020. 

Høyringsbrev

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet utarbeidde Asplan Viak i 2019 to rapportar om universitets- og høgskulesektorens påverknad på klima og miljø.  

Den første rapporten, Klima- og miljøfaktorer for universitets- og høgskolesektoren (faktorrapporten), tar for seg kva faktorar som er viktige å sjå på når ein skal vurdere arbeidet universiteta og høgskulane gjer for å nå målet om å vere klimanøytrale innan 2030. Med utgangspunkt i eksisterande klimarekneskap til fire norske universitet, vurderer Asplan Viak kva faktorar som påverkar UH-sektorens klimagassutslepp og det biologiske mangfaldet på campus. 

Dei identifiserte faktorane utgjorde grunnlaget for den andre rapporten frå Asplan Viak. Denne rapporten, Grønne indikatorer  for universitets- og høgskolesektoren (indikatorrapporten), presenterer eit  kvantitativt indikatorsett som er eigna til å synleggjere og overvake norske lærestader sin påverknad på klima og miljø på ein transparent, robust og forståeleg måte; og for å gi konsistente målingar over tid.  

Diku sender med dette rapporten Grønne indikatorer for universitets- og høgskolesektoren på høyring. 

Rapporten føreslår åtte hovudkategoriar med tilhøyrande indikatorar. Diku ber om at høyringsinstansane gir si vurdering av både hovudkategoriane, indikatorane og dei potensielle effektane av desse. Om det er andre viktige områder som ikkje er dekt av dei åtte hovudkategoriane, ønskjer Diku forslag til andre kategoriar og indikatorar som kan gi betre oversyn over miljø- og klimapåverknaden til institusjonane.  

For hovudkategorien Økologi ønskjer Diku i tillegg høyringsinstansane si vurdering av den føreslåtte prosessen som skal føre fram til overvaking av naturmangfald på institusjonane sine eigedommar og rapporteringa av dette. 

Diku ber høyringsinstansane om at høyringsfråsegna vert organisert i samsvar med rapporten si inndeling og nummerering. Det er ein svarrubrikk for merknader av meir generell karakter samt merknader til kapitla 1, 2, 4 og 5.  I tillegg er det ein eigen rubrikk for merknader til kapittel 3.  

Det er ikkje naudsynt å ha med signatur eller logo. 

Me ber om at høyringsinstansane vurderer om det er naudsynt å vidaresende høyringa til underliggande etatar/verksemder, medlemsorganisasjonar og liknande. Alle som ønskjer det kan sende inn høyringsfråsegn. 

Høyringsfrist 8. mai 2020 

Høyringsnotat

Grønne indikatorer for universitets- og høgskolesektoren.

Høyringsinstansar

Liste over høyringsinstansane.

Høyringsfråsegn

Registrer deg/dykk som høyringsinstans via denne lenka. Du/de vil då få ein e-post med ei unik lenke som må nyttast i det videre arbeidet med høyringsfråsegna. Denne lenka kan delast med andre som arbeider med same høyringsfråsegn. Dataa blir lagra frå gong til gong og kan endrast heilt til du/de trykker på "Avslutt".

Alternativt kan svar sendast til Diku på epost: post@diku.no.  

Vilkår for innsending av høyringsfråsegn.