Aktuelt
Aktuelt
25.03.2021

Korleis står det til med norsk fagspråk?

Universitet og høgskular har eit lovpålagt ansvar for å halde ved like og vidareutvikle norsk som fagspråk. Kor gode er dei til å følge opp dette ansvaret?

Diku inviterer til nettmøte om norsk som fagspråk i høgare utdanning, torsdag 8. april kl. 10.00.

Diku har no lansert rapporten «Språkstrategiar i høgare utdanning», på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. 

– Om lag 95 prosent av institusjonane har eller arbeider med språkstrategiar. Det er eit veldig godt grunnlag for vidare arbeid, seier Ragnhild Tungesvik, avdelingsdirektør for Avdeling for utreiing og analyse i Diku. 

– Likevel ser vi at språk manglar i nesten alle dei overordna institusjonsstrategiane. Det gir eit inntrykk av at språk ikkje er så strategisk viktig for institusjonane. Det er overraskande, seier Tungesvik.

Henrik Asheim, forskings- og høgare utdanningsminister, meiner at dette er ein viktig rapport som viser at institusjonane gjer mykje godt arbeid. 

Henrik Asheim savner tydeleg ansvar. (Foto: KD)

– Institusjonane kan likevel sørge for større bevisstheit og betre forankring, for eksempel ved å inkludere fagspråk i sine overordna strategiske dokument, seier ministeren. 

Savnar tydeleg ansvar

Strategiar er ein ting, praksis ein annan. Kva gjer institusjonane for å sikre at dei språkpolitiske retningslinjene blir kjent og tatt i bruk?

Få institusjonar har dokument som utdjupar eller konkretiserer retningslinjene/strategiane, viser Diku-rapporten. Berre to har eigen handlingsplan. 

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim understreker at det er eit leiaransvar å følgje den språklege utviklinga ved institusjonen. Han meiner at institusjonane bør gjere tydeleg kven som skal ha ansvar for strategisk oppfølging av det som har med fagspråk å gjere.

– Eit verktøy i den samanhengen kan vere å utarbeide eigne språkrapportar med jamne mellomrom, slik einskilde institusjonar allereie gjer i dag, seier ministeren.

Også Ragnhild Tungesvik saknar tydeleg plassering av ansvar for å halde ved like og vidareutvikle norsk som fagspråk.

Ragnhild Tungesvik er avdelingsdirektør i Diku.

– Berre fire norske institusjonar har satt ned eigne språkpolitiske utval som er ansvarlege for implementering og rapportering. Slike utval kan absolutt vere ein god veg å gå, meiner Tungesvik.

HVL satsar på språk

Høgskolen på Vestlandet (HVL) utmerkar seg med ein handlingsplan lett tilgjengeleg på nettsidene, eit språkpolitisk utval, samstundes som dei understreker ansvaret for norsk som fagspråk i den overordna strategien. 

Det språkpolitiske utvalet har medlemmer frå alle fakultet, administrasjonen og studentane, fortel rektor på HVL, Gunnar Yttri.

– Utvalet blir leia av ein av våre prorektorar og vi har sett av ei halv stilling i administrasjonen vår til å følge opp språkarbeidet i det daglege. Det har vore naudsynt for å gi arbeidet kraft og retning, seier Gunnar Yttri.

Undervisningsspråk = norsk?

I alt 19 strategiar nemner eksplisitt at norsk er undervisningsspråket. Men det blir framheva at det kan vere skilnad på nivåa, der norsk er undervisningsspråket på lågare nivå, i alle fall heilt i starten.

– Vel halvparten av språkstrategiane opnar for at masteremne kan ha undervisning på engelsk. Ferske tal frå NSD viser også at dette har skjedd. Nesten halvparten av masterstudentane er no på emne som har undervisning berre på engelsk, seier Ragnhild Tungesvik, avdelingsdirektør i Diku.

Det handlar om å finne ein god og klok balanse mellom norsk og engelsk på fleire nivå, seier HVL-rektor Gunnar Yttri. (Foto: Eivind Senneset)

Tendensen er klar, med minkande del norskspråklege emne over tid, både på lågare og høgare grad. Høgast del undervisning på engelsk finn vi i naturvitskaplege, handverks- og tekniske fag, med 66 prosent.

I strategidokumenta blir det nevnt nokre situasjonar kor det kan vere aktuelt å undervise på engelsk, til dømes når emnet har engelskspråklege studentar, eller dersom undervisar ikkje er god nok i norsk.

Fagtilsette med internasjonal bakgrunn 

Talet framandspråklege tilsette av typen som NIFU kallar «mobile akademikarar», aukar. Dette får konsekvensar for mellom anna undervisningsspråk.

Halvparten av strategiane har konkrete mål på kva norsknivå internasjonalt tilsette skal vere på i løpet av kor lang tid. Mange strategiar nemner også at institusjonen skal legge til rette for slik norskundervising av internasjonalt tilsette. 

– Institusjonane bør sikre opplæring og oppfølging, slik at kunnskapsnivået vert tilfredsstillande for å undervise på norsk. Vi merker oss at strategiane ikkje seier noko om kva som skjer dersom ikkje norskkravet blir oppfylt, seier Tungesvik.

Rapporten kjem også inn på tema som norskspråkleg studielitteratur og kva språk masteroppgåver blir skrivne på.

Norsk og/eller engelsk

Språkrådet, UHR og Kunnskapsdepartementet viser ved ulike høve til spenninga institusjonane står i, mellom internasjonaliseringsoppdraget på den eine sida, og ansvaret for å sikre norsk fagspråk på den andre. 

– Språkstrategiane står fram som balanserte i høve til denne tematikken. Det blir lagt vekt på å ha to tankar i hovudet på ein gong. Strategiane gir ikkje uttrykk for ein motsetnad på dette området, seier Tungesvik.

Språkarbeidet på Høgskolen på Vestlandet (HVL) omfattar alt i frå å legge til rette for kurstilbod og støttetenester innan nynorsk, engelsk, teiknspråk og akademisk skriving, til større utgreiingar og rapporteringar og viktige markeringar som til dømes ein språkpris og arbeid med klarspråk. 

Det siste året har HVL jobba med å kartlegge situasjonen for parallellspråk, seier rektor Gunnar Yttri.

– Vi har jobba systematisk inn mot kjerneaktivitetane utdanning, forsking og formidling og sett på forholdet mellom norsk og engelsk. Auka merksemd styrkar medvit og innsikt. Det handlar kort sagt om å finne ein god og klok balanse mellom norsk og engelsk på fleire nivå, og det må stå godt inn mot dei språkpolitiske retningslinjene våre, seier HVL-rektor Gunnar Yttri.

Tre studenter

Nesten halvparten av masterstudentane er no på emne som har undervisning berre på engelsk, viser Diku-rapporten. (Ill.foto: Diku)

Forsking på engelsk

Det er ålmenn semje mellom departementet og UH-institusjonane om at engelsk er det primære vitskaplege publiseringsspråket.

Strategiane er også samstemte om at det er opp til den einskilde forskaren å velje kva språk han eller ho vil publisere på, både ut frå målgrupper og faglege normer. 

Diku tilrår mellom anna:

  • Dei språklege retningslinjene bør forankrast i strategien til institusjonane. 
  • Institusjonane bør utvikle ein handlingsplan som sikrar at dei språkpolitiske retningslinjene blir tatt i bruk. 
  • Ansvaret for å følge opp retningslinjene og handlingsplanen bør plasserast i ein språkpolitisk komité, eit utval eller ei avdeling i institusjonen.
  • Institusjonane bør følge opp eigen språksituasjon med årlege institusjonsrapportar. Her bør språk i undervisningsemne, studielitteratur, masteroppgåver, ph.d.-avhandlingar, publisering, terminologi og anna formidling med.
  • Det bør setjast opp mål for kva språkleg dugleik studentane bør ha når dei er ferdige med utdanninga. Desse måla bør vere beskrive i omtalen av studieprogrammet, og kan med fordel inkluderast i læringsutbytteomtalen for dei enkelte emna.
  • Unit arbeider med å utvikle eit statistikk-barometer. Data for språk i undervisningsemne, studielitteratur, masteroppgåver, ph.d.-avhandlingar og publisering bør komme med.
Fakta
  • Diku fekk i 2020 i oppdrag å ta ein gjennomgang av språkstrategiane for universitet og høgskolar. Formålet er å gi departementet ei fagleg vurdering av korleis UH-institusjonane utøver ansvaret for norsk som fagspråk, samtidig som dei også skal legge til rette for internasjonalisering. 
  • Det er ein underliggande premiss at bruken av engelsk aukar sterkt i norsk høgare utdanning.
  • Rapporten «Språkstrategiar i høgare utdanning» bygger på Diku sin gjennomgang av tilgjengelege språkstrategiar og språklege retningsliner, men også på data, utgreiingar og arbeid frå andre institusjonar.