Aktuelt
Aktuelt
28.05.2019

Ny forskarskule skal styrkja kunstnarleg utviklingsarbeid

Ein ny nasjonal forskarskule skal bidra til å styrkja kunstnarleg utviklingsarbeid i Noreg. Forskarskulen vart oppretta i 2018, og vidarefører arva frå fellesfagleg opplæringstilbod som har vore utvikla og drifta av Dikus Program for kunstnarleg utviklingsarbeid. 

I desse dagar gjennomgår opplæringstilbodet ein revisjon, der målet er å vidareføra det beste frå tidlegare, og samstundes brukar evalueringar og tilbakemeldingar til å styrkja tilbodet. Samtidig vert læringsutbytet tettare knytt opp mot det det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring. 

Les meir: Endra kunstnarleg uttrykk etter tverrfaglege møte

Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid tilbyr gjennom seminar og konferansar opplæring i teori, metodar og etikk knytt til kunstnarleg utviklingsarbeid. Tilbodet er tverrfagleg, og samlar stipendiatar på tvers av kunst, musikk, film, teater, dans og design. Sentralt i den fellesfaglege opplæringa står visningar, presentasjonar og diskusjonar som spring ut frå kvar enkelt stipendiats prosjekt. Stipendiatane deler også pågåande prosessar på konferansar der dei møter eit utvida miljø og får innsikt i nasjonale og internasjonale prosjekt innan kunstnarleg utviklingsarbeid. 

Dialogmøte

Forskarskulen skal vidareutviklast i tett dialog med det norske fagmiljøet, og revisjonsforslaget vert lagt fram og drøfta under dialogmøte 3. juni i Oslo med aktuelle institusjonar. Styret i forskarskulen etablerte tidleg i 2019 ei arbeidsgruppe for å gjennomgå dagens opplæringstilbod og foreslår betringar, utkastet er sendt til institusjonane i forkant av dialogmøtet. Revisjonen vert hovudsak under årets møte. Intensjonen er at styret skal vedta det reviderte opplæringstilbodet 17. juni, og at implementeringa skjer frå hausten. Stipendiatar og rettleiarar vil kjenna att mykje av innhaldet frå tidlegare, men det vert lagt opp til å styrkja opplæringa i teori og å utvikla eit felles og meir presist omgrepsapparat. 

Trond Lossius, styreleiar, forskarskulen for kunstnarleg utviklingsarbeid (Foto: Linda Lien/Diku)

Det vil også verta betre tilrettelagt for arbeid mellom aktivitetane, der ein vil freista å involvera rettleiarar og fagmiljø ved stipendiatens eigen institusjon. I tillegg vil ein arbeida meir systematisk med deling i varige format. Styreleiar i forskarskulen Trond Lossius fortel at etableringa av doktorgrad representerer ein ny fase i utviklinga av kunstnarleg utviklingsarbeid i universitets- og høgskulesektoren:

- Institusjonane tek eit større ansvar, og talet på stipendiatar aukar. Det opnar for nye moglegheiter og bidreg til at me kan utfordra og utvikla vårt eige fagfelt. Den norske modellen for kunstnarleg utviklingsarbeid, med sterk vekt på den kunstnarlege praksisen, er unik i internasjonal samanheng. Ei utfordring framover vert å gje kandidatane ei god basisforståing for teori om kunstnarleg utviklingsarbeid, som igjen kan styrkja dei norske miljøa sine bidrag til den internasjonale diskursen om denne typen forsking, seier Lossius.
 

Merete Røstad: Første i Noreg med doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid

Biletkunstnar Merete Røstad frå Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO), avdeling for kunst og håndverk, disputerte i februar i år med prosjektet «The Participatory Monument – Remembrance and Forgetting as Art Practice in Public Sphere», og vart med det den første i Noreg med doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid. Ho arbeider i dag som førsteamanuensis ved KHiO ved masteren kunst i offentlege rom.  

Merete Røstad, biletkunstnar, doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid (Foto: KHiO )

Røstads kunstnarleg utviklingsarbeid omhandlar det ho sjølv kallar «deltakande monument», og er sett saman av fleire delar: Folkets Hus (2015), Kammer (2017) og Høring (2018). Gjennom «The Participatory Monument» inviterer Røstad representantar frå offentlegheita til å bli del av kunstverket, og utforskar staders sosiale og politiske tyding som utgangspunkt for refleksjonar rundt temaet kollektivt minne. Prosjektet problematiserer ulike måtar å minnast på i det offentlege rom. Les meir om prosjektet The Participatory Monument.

Frå Merete Røstads prosjekt: «The Participatory Monument – Remembrance and Forgetting as Art Practice in Public Sphere»

 

Fakta:  

  • Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid vart etablert i 2018, same år som Noreg fekk sine første doktorgradsprogram i kunstnarleg utviklingsarbeid.
  • Forskarskulen er ei vidareføring av undervisningstilbod tidlegare organisert gjennom Program for kunstnarleg utviklingsarbeid og Stipendiatprogrammet. 
  • Diku har det administrative ansvaret for forskarskulen, mens det faglege ansvaret er forankra i eit eige styre med representantar frå institusjonar med studieprogram som fører fram til doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid.
  • Det er per i dag fire institusjonar som tilbyr doktorgradsutdanning i kunstnarleg utviklingsarbeid i Noreg: Norges musikkhøgskole, Universitetet i Bergen, Kunsthøgskolen i Oslo og Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet. Dei fire institusjonane har kvar sin representant i styret, i tillegg har Program for kunstnarleg utviklingsarbeid og stipendiatane kvar sin representant. 
  • Styreleiar er Trond Lossius frå KHiO. Lossius var blant dei første i Noreg som fullførte stipendiatprogrammet i kunstnarleg utviklingsarbeid.
  • Opplæringa har eit samla arbeidsomfang tilsvarande 20 studiepoeng.