– Veldig kult. Eg kan stå og berre sjå på dette heile dagen, sa ein tydeleg imponert statsråd Henrik Asheim då han gjesta Fagskolen i Hordaland.
Under besøket på Fagskolen fekk Henrik Asheim sjå ein høgteknologisk lab og prate med studentar som bruker robotar til å produsere mobiltelefonar.
Lab-en blei installert i sommar. Den kosta 7,2 millionar kroner – og Fagskolen i Hordaland fekk støtte frå Diku på 4,2 millionar kroner til satsinga.
Jørgen Didriksen Mo (40) er ein av studentane som statsråden fekk møte.
– På denne fabrikken kan vi simulere produksjon av alt mogleg. Akkurat no er det mobiltelefonar. Men det er berre fantasien som set grenser, seier han entusiastisk.
No kan du søke: Utviklingsmiddel til høgare yrkesfagleg utdanning. Søknadsfrist: 20. januar 2021.
Fagskolane har vore viktige under covid-19-pandemien, ved å bidra til at folk som er heilt eller delvis permitterte, kan bruke tida på utdanning. Regjeringa og Stortinget oppretta i år 1500 nye studieplassar til fagskolane, som ein del av Utdanningsløftet.
Også Fagskolen i Hordaland fekk nye studieplassar. Dermed kunne skolen i haust starte ei heilt ny utdanning: Robotteknologi og digital produksjon i industrien. Den nye virtuell-fysiske fabrikken blir brukt i undervisninga av studentar både på dagtid og på nett.
– Både sjølve utdanninga og denne lab-en kjem som eit svar på behov i industrien. Utan midlane frå Diku og dei nye studieplassane hadde vi ikkje klart dette, fortel ein stolt lærar Guttorm Lyngvær.
Jørgen Didriksen Mo tek utdanninga på nett over tre år, ved sida av å drive eit eige firma innan grafisk design og trykking.
– Det har vore ein gradvis dårlegare trend for firmaet mitt. Korona blei ein nådestøyt. Eg tenkte: No må eg gjere noko anna. Eg vurderte mange utdanninger. Då eg fann denne, tenkte eg: Dette skal et satse på. Eg har alltid vore interessert i robotikk. Det er framtidsretta og berekraftig, det er noko eg kan jobbe med resten av livet.
Planen hans er å starte ein heit ny bedrift etter dei tre åra på Fagskolen, og kanskje i saman med andre engasjerte studentar.
Jobbar du i eller med høgare yrkesfagleg utdanning? Då er dette konferansen for deg: Fagskolekonferansen 2020 foregår digitalt 11. og 12. november. Frist for påmelding: 3. november.
Sjølve produksjonen går føre i fleire trinn. Først blir alt programmert på pc. Så blir produksjonen kjørt virtuelt, på pc. Til slutt, når dataprogrammet er testa og ferdig, blir det fysiske produktet laga.
– Det er mykje teori på studiet. Men dette, å jobbe i praksis, er noko heilt anna. Alt er programmert, og robotar gjer sjølve den fysiske produksjonen. Programmeringa og styringa skjer på pc, du kan sitje kor som helst i verda og gjere det, seier Jørgen Didriksen Mo.
Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim syntes det var inspirerande å sjå noko så relevant for arbeidslivet.
– Her får studentane jobbe heilt praktisk på fleire ulike fagområde som vi har bruk for i framtida, for eksempel robotikk, sa Henrik Asheim.
Sjå Fagskolen i Hordaland sin video om den nye lab-en.