Aktuelt
Aktuelt
12.05.2020

Opprettar 1000 nye fagskuleplassar

Diku inviterer fylkeskommunane til å melde inn behov for nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning.

 

Dei nye studieplassane er toårige og skal vere på plass allereie til hausten. Tiltaket inngår i regjeringa sitt kompetanselyft for å møte effektane av koronakrisa.

– Tusen nye plassar er ei vesentleg styrking av høgare yrkesfagleg utdanning og eit spesielt viktig tiltak i den situasjonen vi står i no. Fagskulane utdannar spesialiserte yrkesutøvarar med høg kompetanse til mange bransjar som vi har bruk for no og framover, seier Diku-direktør Harald Nybølet.

Fylka kan melde behov

Smilende Diku-direktør Harald Nybølet

Harald Nybølet, direktør i Diku. (Foto: Tove Breistein)

Ei rask fordeling av dei ekstra midlane skal sørgje for at skulane får tid til å byggje opp tilbodet og rekruttere studentar til dei nye plassane frå hausten av.

– Allereie i dag sender vi ut brev til fylkeskommunane og inviterer dei til å melde inn behov for nye studieplassar ved offentlege og private fagskular innan 25. mai, fortel Nybølet.

Frå før er det rundt 18 000 studentar som tar høgare yrkesfagleg utdanning på anten heiltid eller deltid. Målt i studiepoeng svarar dette til om lag 7 000 heiltidsstudentar.

Les invitasjonen til fylkeskommunane.

Fleire skal få utdanning

Styrkinga av fagskuletilbodet er ein del av utdanningspakken på ein halv milliard kroner i regjeringa sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett, som blei lagd fram i dag.

– Tiltaka vil sikre at fleire får utdanning og kompetanseheving i ein periode med høg arbeidsløyse som følgje av koronakrisa. Noreg står i ei langvarig omstilling, og utdanning er nøkkelen til at fleire kan bli inkluderte i arbeidslivet, seier statsråd Henrik Asheim i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.