Aktuelt
Aktuelt
20.04.2020

– Planlegg for ein heildigital haust!

Fleire av sentra for framifrå utdanning (SFU) har vore tidleg ute med å bidra til åpen deling og spreiing av erfaringar og kunnskap i samband med koronasituasjonen. 

 

Deling og gjenbruk av læringsressursar på tvers av utdanningsinstitusjonar er enno nytt for mange, men har brått blitt aktualisert gjennom den rekordraske digitaliseringa i utdanningssektoren sidan midten av mars. Fleire stemmer har dei siste vekene etterlyst den digitale dugnaden og hevda at institusjonar gøymer digitale ressursar for kvarandre, framfor å dele dei. 

Ei av oppgåvene til sentra for framifrå utdanning er nettopp å dele og spre innsikt og forskingsresultat med andre enn eigen institusjon. 

– Dei gjer eit viktig arbeid med å drive kunnskapsfronten for kva som gir god læring for studentane. Eg er glad for å sjå at sentra bidrar aktivt for å bygge ein delingskultur i høgre utdanning, der læringsressursar og verdifull innsikt blir gjort tilgjengelege for fagfellar og studentar, seier direktør i Diku, Harald Nybølet.  

Ei arbeidsgruppe med deltakarar frå Unit og Diku undersøkte i fjor mogelege nasjonale løysningar for tilgang til åpne læringsressursar på tvers av utdanningsinstitusjonar. Rapporten som gruppa sendte til Kunnskapsdepartementet var eit bidrag til utvikling av digitale læringsressursar og meir fleksible undervisningsopplegg. Den konkluderte med at tilrettelegging for delingskultur og endringsleiing, samt god handsaming av opphavsrettslege problemstillingar, er nøklar til suksess.  

Ekspertar på usikkerheit 

Øystein Widding er professor ved Institutt for industriell økonomi og teknologileiing på NTNU og senterleiar ved SFU Centre for engaged education through entrepreneurship (Engage). Han trur mange i akademia opplevde å vakne opp til ein ny kvardag i midten av mars, der verkemiddel og spelereglar brått var endra.  

Øystein Widding leier SFU og entreprenørskapssenteret Engage. Foto: NTNU

– Vekene vi har vore gjennom gjer at vi ser tydelegare korleis vi kan spre kunnskap meir offensivt og på måtar vi har vore lite bevisste på tidlegare, seier Widding.  

Allereie i løpet av den første veka i krisa var Engage i gong med spørrreundersøkingar til studentane sine for å bygge kunnskap. Fleire stipendiatar har jobba saman i virtuelle team og kurset Eksperter i team, som rundt 3000 NTNU-studenter tar kvart år, har fått ein heilt ny vri og er hyperaktualisert. 

– Konteksten rundt studentaktiv læring må og vris i digital retning. No ser vi på korleis vi tar digital studentaktiv læring med oss inn i framtida, seier Widding. 

Rask omstilling og kreativ tenking ligg i entreprenørskapens natur. Dette har vore avgjerande for Engage sin respons til den ekstraordinære situasjonen knytta til koronoutbrotet, meiner Widding. 

– Å opptre entreprenørielt handlar nettopp om å handtere usikkerheit og risiko og ikkje bli lamma, seier han.  

Han trekk fram tidlegare student ved NTNUs Entreprenørskule, Henrik Wille, som i mars sette i gong  nasjonal produksjon av 3D-printa visir til helsearbeidarar, som eit framifrå døme på korleis entreprenørskap krev både entreprenørielle haldningar og ferdigheiter. 

Virtuell tillit tar tid å bygge

Engage har blant anna nytta opne livemøte på Facebook, såkalla Engage-talks, til å skape rom for og dele ny kunnskap om fagfeltet sitt. Widding fortel at tilbakemeldingane har vore einsidig positive, og at Engage stadig jobbar for å bedre format, innhald og relevans i den vidare planlegginga av arrangementa. 

Koronasituasjonen har gjort at kunnskapen må distribuerast på nye måtar. Når ein jobbar heildigitalt speler det ingen rolle kor folk er, og for spreiing i stor skala er det klart meir effektivt, meiner Widding.  

– Kunnskapsproduksjonen, derimot, er ikkje meir effektiv. Dersom ein til dømes skal studere eit case i djupna, kan det være nokså hemmande å samhandle virtuelt. Entreprenørskap føregår ikkje i eit vakuum, men i samhandling mellom folk. Når ein er fysisk i same rom, oppfattar ein små teikn og signal som skaper tillit og gjer prosessane meir fruktbare. Med virtuell samhandling går dette tapt.  Det tar ganske enkelt lenger tid å byggje tillit virtuelt, seier han. 

Noko av det Widding har notert seg som særs viktig i denne ekstraordinære situasjonen er å sørge for å ‘halde flokken samla’.  

– Studentar og affilierte til senteret treng faste haldepunkt for kommunikasjon, som til dømes ein kaffiprat på Zoom kvar dag, seier han. 

Eitt av senteret sine mål for 2020 var lansering av ei nettside med digitale ressursar for undervisarar. 
– Behovet for desse planane har berre vorte forsterka, og me jobbar for fullt med dette no, legg han til. 

Naudsemd skaper nytenking 

Entreprenørskap vil bli en del av løysinga for å få samfunnet i gang igjen, også i Noreg, meiner Øystein Widding.  

– Mange av dei som har blitt arbeidsledige den siste månaden vil måtte bli endringsagentar i eigne liv. Det fins mange eksempel på at entreprenørskap og nytenking blir til av naudsemd. Dette er sjeldan for oss nordmenn, sidan vi er så godt vande, seier han.  

Senterleiar av SFU CELL Malcolm Langford oppmodar institusjonane til å ta høgde for at undervisninga hausten 2020 vil føregå digitalt. Foto: UiO

Jussprofessor Malcolm Langford ved Universitetet i Oslo deler Widding sitt syn på dette. Han leier SFU Centre on Experimental Legal Learning (CELL), som og har vore svært aktive med åpen deling av innsikt og kunnskap sidan koronautbrotet.  

Han applauderer måten norske lærestader har takla den brå overgangen til digital undervisning på.  

– Dugnaden i sektoren har vore fantastisk. Undervisarar som knapt har brukt hverken Zoom, Skype eller Microsoft Teams før kasta seg inn i det, og oppdaga at det fungerer. Det har nærmast vore som ein revolusjon, og det beviser at det er mogeleg å endre undervisings- og vurderingsformer raskt, dersom vi må, seier Langford.  

Han meiner sentra for framifrå utdanning er rigga på ein måte som er ideell for å drive fram og dele ny kunnskap. 

– SFU-ane har kapasitet og kompetanse til å mobilisere riktig og raskt. Vi har infrastruktur og nettverk til å koble på andre bidragsytarar og kan dermed sette i gang eit stort apparat, seier han. 

Møteplassar for dialog og samarbeid

Det første CELL gjorde i midten av mars var å diskutere korleis dei kunne støtte undervisarar, studentar og digitalt fagansvarlege, før dei oppretta ressurssider på norsk og engelsk.  

– Vi vart raskt kontakta av ein forskar på Oslo Met, som ønskte at CELL skulle hjelpe å opprette og administrere ei nasjonal Facebook-gruppe. Ein time seinere vart gruppa Digital dugnad i høgre utdanning til, og etter nokre veker har den no nærmare 4000 medlemmar som har delt og fått råd med nesten 2000 innlegg og kommentarar, fortel Langford. 

Deretter sette senteret – som også har seks studentleiarar – i gong med å lage videoar om digital undervisning og har så langt gjennomført 19 digitale seminar med over 1500 deltakarar i alt frå rettleiing og digital vurdering til pedagogisk praksis i den digitale undervisninga. Også for dei var spørreundersøkingar viktige for å skape eit kunnskapsgrunnlag som andre kunne dra nytte av. 

– Allereie 20. mars spurte vi jusstudentane om deira erfaringar med digital undervisning, for å komme med anbefalingar til andre. Deretter fulgte vi opp med ei nasjonal evaluering av undervisarar og publisering av tilsvarande rapportar om erfaringar hos internasjonale studentar og studentar som tok heimeeksamen i koronatida. 

– Erfaringa med digital dugnad så langt er at det skaper møteplassar for dialog og samarbeid som vi lærer mykje av. Spreiinga av kunnskapen foregår som toveiskommunikasjon, og for vår del styrker det også eigen kjerneverksemd, legg Langford til. 

Ulike format utfyller kvarandre

Det plutselige behovet for kunnskap har utløyst ein eksplosjon av læring, der prøving og feiling har vore og fortsatt er ein del av prosessen, ifølge Langford. 

–  Sjølv fann eg som mange andre raskt ut at eg måtte legge om alle forelesningane mine til ein form for flipped classroom der eg først la ut korte filmar på YouTube. Etter at studentane hadde sett desse, kunne vi ta det eit steg vidare med digital samhandling og diskusjon via Zoom, seier han. 

Langford oppmodar undervisarar til å være bevisste på korleis dei ulike opptaks- og liveformata kan utfylle kvarandre.  

– For å oppnå kunnskapsutvikling i eit virtuelt rom må deltakarene få sleppe til. Dei må få mogelegheit til å stille spørsmål og få desse besvart. Forsking er klar på det, samt studentar i to av undersøkingane våre. Vi må passe oss for passive kommunikasjonsformer, slik som store MOOC-kurs diverre kan bli. Kunnskap byggast i brytninga mellom innsikt og meiningar, seier han. 

– Planlegg for ein heildigital haust!

Langford fortel at han, kollegaene og studentleiarane i CELL kjem til å bruke alt dei har lært den siste månaden til å pushe norske utdanningsmyndigheiter, rektorar og studieadministrasjonar til å jobbe for gode retningslinjer for digital undervisning, slik at alle studentar får eit godt undervisningstilbod. Han meiner haustsemesteret sannsynlegvis kjem til å bli heldigitalt. 

– Vi må bruke mogelegheitene som ligg der til å tenke heilt nytt. Ikkje berre teknisk og pedagogisk - studieprogramma må kanskje leggast opp annleis, som til dømes med digitale disputas. Vi er tvungne til å bevege oss bort frå den fysiske tilnærminga, seier han. 
 
Langford si oppmoding til alle fakultet og studiestader er klokkeklar: 

– Legg planar for ein digital haust allereie før sommaren! Om eit halvår trur eg vi er tryggare på kva elektroniske media som fungerer best til ulike formål. Og så trur eg dei fleste vil sette en meir pris på å møtast fysisk, seier han.