Aktuelt
Aktuelt
25.03.2021

Positiv utvikling i høgare yrkesfagleg utdanning

Dei fleste tiltaka i fagskulemeldinga er gjennomførde, og mange i sektoren er fornøgde med utviklinga for høgare yrkesfagleg utdanning.

Det syner ein ny rapport frå Deloitte, som på oppdrag frå Diku har gått gjennom tiltaka i Fagskulemeldinga – Fagfolk for fremtiden – som vart vedteke av Stortinget våren 2017. 

«Selv om ikke alle tiltakene er gjennomført per januar 2021, og det pekes på en del utfordringer og hindringer for måloppnåelse, synes det […] åpenbart at fagskolesektoren er en sektor i stor endring, og som de siste årene har hatt en utvikling i positiv retning […]», heiter det i rapporten.

Fagskulemeldinga lanserte 48 tiltak, og rapporten gjer systematisk greie for status for alle tiltaka. Samla syner gjennomgangen at 33 tiltak er gjennomførde, ni er under arbeid, medan seks ikkje er fulgde opp som forutsett i meldinga. 

Rapporten, som mellom anna byggjer på intervju med aktørar i sektoren, er den første av tre som inngår i evalueringa av fagskulemeldinga. Den neste rapporten vil vere klar i januar 2022 og ta for seg finansieringssystemet i fagskulesektoren. Sluttrapporten frå heile evalueringa skal vere klar i desember 2022.

Evalueringa har tre formål:

  • Å få vurdert korleis implementeringa av tiltaka og endringane har vorte gjennomførde i sektoren.
  • Å få vurdert verknaden av tiltaka i fagskulemeldinga, inkludert ei eiga vurdering av finansieringssystemet.
  • Å identifisere behov for endringar på bakgrunn av funn i evalueringa.

Det er Stortinget som har vedteke at dei kvalitetsfremjande tiltaka i meldinga skal evaluerast.

 

Har du spørsmål om evalueringa kan du rette dei til
Martin Paulsen, seniorrådgjevar i Diku, martin.paulsen@diku.no, 99 25 59 65.