Her er dei som jobbar med programmet, siste nytt om Nasjonal forskerskole i kunstnerisk utviklingsarbeid og arrangementa fremover.
Ingrid Milde er tilbake som rådgjevar i Program for kunstnerisk utviklingsarbeid, etter å ha vore i permisjon. Samtidig går Lise Kristiansen over i ein spennande stilling i forskingsadministrasjonen ved Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen. Framover møter du altså fagdirektør Geir Ivar Strøm, rådgjevar Linda Herfindal Lien og rådgjevar Ingrid Milde ved Dikus Program for kunstnerisk utviklingsarbeid.
Akkurat no pågår ein revisjon av undervisningstilbodet i den nyoppretta nasjonale forskarskulen i kunstnerisk utviklingsarbeid. Revisjonen er tema på det kommande dialogmøtet med utdanningsinstitusjonar som nyttar seg av forskarskulens tilbod. Dialogmøtet finn stad i Kunsthøgskolen i Oslos lokale 3. juni. Påmelding innan 10. mai.
Under generalforsamlinga til Society for Artistic Research i mars vart Deniz Peters frå University of Music and Dramatic Arts i Graz, Austerrike, vald til ny president. Dikus eigen Geir Strøm er attvald som vise-president.
Dikus Program for kunstnerisk utviklingsarbeid og Nasjonal forskerskole i kunstnerisk utviklingsarbeid har fått nye nettsider, som del av Diku.no. Det har vore viktig å sikra at fagmiljøet framleis har tilgang til arkivmateriale, eksempelvis oversikt over kven som har fått tildelt midlar gjennom prosjektprogrammet, uteksaminerte stipendiatar og tidlegare styre. Nettsidene vert utvikla vidare.
Det nordiske sommarakademiet for kunstnarleg utviklingsarbeid er no fullteikna. Akademiet samlar stipendiatar og rettleiarar frå Finland, Sverige og Noreg, og vert i år arrangert av Diku på Utøya 12.–18. august.
Artistic Research Autumn Forum 2019 tek plass på Lillehammer, og vert arrangert i samarbeid med Den Norske Filmskolen / Høgskolen i Innlandet. Sjå førebels program.
Styret i Program for kunstnerisk utviklingsarbeid delte nyleg ut 20 millionar kroner til fem prosjekt. Neste utlysing kjem i juni. Søknadsfrist: 15. oktober.
VIS – Nordic Journal for Artistic Research har no opna for innsending av bidrag til neste publikasjon, som har tema «History now».