Aktuelt
Aktuelt
23.04.2020

Skal ikkje gå ut på dato

– Stortingsmeldinga «Lære hele livet» er ei etterlengta reform som er ytterlegare aktualisert av koronakrisa, seier Diku-direktør Harald Nybølet.

Onsdag 22. april presenterte Statsminister Erna Solberg stortingsmeldinga «Lære hele livet». Målet med meldinga er at ingen skal gå ut på dato som følgje av manglande kompetanse.

Meldinga inneheld fleire tiltak retta mot å tette gapet mellom kva arbeidslivet treng av kompetanse, og den kompetansen arbeidstakarane faktisk har.

Sjå stortingsmeldinga «Lære hele livet» på regjeringen.no

Eit arbeidsliv i endring

– Dette er ei etterlengta stortingsmelding som er ytterlegare aktualisert av koronakrisa, som fører til høg arbeidsledigheit, seier Diku-direktør Harald Nybølet. 

Teknologisk utvikling, digitalisering og det grøne skiftet fører til at mange arbeidsoppgåver vert endra eller forsvinn, og nye oppgåver vert utvikla. For å ruste arbeidstakarar til å møte omstillingane i arbeidslivet skal det leggast til rette for livslang læring.

For universitet og høgskular satsar regjeringa på søknadsbaserte ordningar for å auke kapasiteten for vidareutdanning.

- Fagskulane, universiteta og høgskulane har ei viktig rolle i å tilby kompetansepåfyll til dei som no står utanfor arbeidslivet som resultat av koronakrisa. Vi i Diku ser fram til å samarbeide med Kompetanse Norge om å støtte utdanningsaktørane slik at dei raskt kan få på plass fleksible utdanningstilbod som treff behova til dei som no er permitterte eller arbeidsledige, fortsett Nybølet. 

Eit av tiltaka som allereie er satt i gang, og som stortingsmeldinga varslar ei opptrapping av, er Program for fleksible utdanningstilbod som er lyst ut gjennom Diku. Tildelinga skal etter planen være klar i juni.

17 universitet og høgskular søkte om pengar til å utvikle fleksible utdanningstilbod. Samla er det søkt om nesten dobbelt så mykje som det Diku har å dele ut i denne utlysinga.

I ei pressemelding 6. april sa statsråd Henrik Asheim: – Den enorme responsen vitnar om at universiteta og høgskulane har mange klare planar på korleis utdanningane kan bli meir tilgjengelege og fleksible.

Les pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet (6.april 2020).

Diku og Kompetanse Norge jobbar med ei utlysing på 50 millionar kroner til nettbasert opplæring på alle utdanningsnivå for ledige og permitterte arbeidstakarar. Denne utlysinga skal være klar torsdag 30. april.

I tillegg skal det deles ut 20 millionar kroner til universitet og høgskular for å gje plass til fleire på eksisterande utdanningar. Meir informasjon om dette kjem så snart som råd.