Aktuelt
Aktuelt
07.10.2020

Statsbudsjettet: Sterk satsing på utdanning og kompetanse

Fleire vil få høve til fagleg påfyll som gjer det enklare å få jobb og å bli i jobben. Regjeringa vidarefører og styrkjer Utdanningsløftet som skal hjelpe Noreg ut av den økonomiske krisa.

– Ei rekkje kompetansetiltak og utdanningstilbod vart oppretta eller forsterka i 2020 for å møte behova i arbeidsmarknaden som følgje av koronapandemien. At desse no blir vidareført og styrkte, er viktig både for studentar, arbeidsledige og permitterte, og for lærestadene, seier Diku-direktør Harald Nybølet.

Tilboda til arbeidsledige, permitterte og andre som treng utdanning eller kompetansepåfyll, finnest på skular og utdanningsinstitusjonar landet rundt, og som nettbaserte kurs og utdanningar.

Fleksible og desentraliserte utdanningstilbod

Diku sitt program for utvikling av fleksible utdanningstilbod får ei auke i statsbudsjettet på 45,7 millionar kroner, slik at ordninga samla blir på om lag 97 millionar kroner. Dette programmet gjer at universitet og høgskular kan tilby fleksibel og relevant utdanning for studentar som ikkje har høve til å studere fast ved ein campus.

– Eg ser dette som uttrykk for at denne ordninga treff godt og svarar på eit behov for kortare og meir fleksible utdanningar. Samstundes er det sjølvsagt også eit svar på situasjonen vi no er i, og at vi skal handtere følgjene av pandemien også til neste år, seier Nybølet.

Fleire fagskuleplassar

Regjeringa set av 178,6 millionar kroner til vidareføring og opptrapping av midlane til 1 600 studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning, slik at det kan opprettast nye klassar hausten 2021. Samla sett kan fagskulane få om lag 5 600 nye studentar i løpet av 2020 og 2021.  I tillegg vil regjeringa bruke 37,8 millionar kroner til om lag 500 nye studieplassar ved Industrifagskolen, ein paraply for etter- og vidareutdanningstilbod for fagarbeidarar i industrien.

Styrking av norsk fagspråk

Fleire andre Diku-program får også auka løyvingar i statsbudsjettet for 2021.

Lærebokordninga for høgare utdanning, som gir støtte til utgiving av pensumlitteratur på norsk og samisk, blir styrkt med 4,1 millionar kroner til ei samla løyving på 10 millionar.

Følgjer opp langtidsplanen

– Eg er også glad for å sjå at regjeringa fortset satsinga på kvalitet i høgare utdanning gjennom opptrappinga av langtidsplanen, seier Diku-direktøren.

Langtidsplanen for forsking og høgareutdanning 2019–2028 vart lagt fram som ei stortingsmelding for to år sidan og inneheld fleire tiltak for kvalitetsutvikling.

I statsbudsjettet foreslår Kunnskapsdepartementet ein auke på 30 millionar kroner for å styrkje koplinga mellom utdanning og arbeidsliv, inkludert auka bruk av praksis og anna arbeidsrelevant undervisning.

UTFORSK-programmet, som støttar etablering og styrking av samarbeidsrelasjonar mellom Noreg og bestemte satsingsland utanfor Europa, får ei auke på 10 millionar kroner.

I tillegg kjem ein auke på 7,5 millionar kroner til digital teknologi for undervisning.

Fortsett norsk deltaking i Erasmus+

Regjeringa går inn for at Noreg skal delta i neste fase av det europeiske utdanningsprogrammet Erasmus+, og har sett av betydelege midlar til dette.

Sist oppdatert 8. oktober 2020 kl. 13.05