EØS-midlane lyser ut over 400 millionar kroner til mobilitet og institusjonelt samarbeid innan høgare utdanning.
Utlysingane i 2021 finansierer samarbeid mellom norske partnarar og partnarar frå Romania, Tsjekkia, Polen, Slovakia, Slovenia og Kroatia. Utlysingane er opne for alle fagområde, men i enkelte av dei er det gjort tematiske prioriteringar.
Eksempel på desse er inkluderande undervisning, barnevernsutdanning, demokrati og inkludering av minoritetar, utdanningsleiing, velferdsteknologi, grøn industri, og styrking av undervisning i STEM-fag. Sjå meir informasjon under for kvart enkelt land sine utlysingar og prioriteringar.
Interessert? Få med deg webinaret vårt tysdag 19. januar kl. 10.
Eit prosjekt finansiert av EØS-midlane set kun krav om bilateralt samarbeid og er difor ein enkel måte å bygge internasjonale nettverk med land Norge tradisjonelt har lite utdanningssamarbeid med.
Ordninga har mykje til felles med Erasmus+, og ved å sjå dei ulike finansieringskjeldene i samanheng kan fagmiljø få nyttig erfaring og nettverk som kan bygge på allereie eksisterande Erasmus+-samarbeid og slik styrke fagmiljø. Vi oppfordrar både til samarbeid som koblar utdanning og forsking, samt går på tvers av sektorar.
EØS-midlane er òg eit egna verkemiddel for norske institusjonar i arbeidet med å nå måla for mobilitet, både for å auka tal studentar på utveksling og å bidra til ein større balanse.
Ta kontakt med tidlegare, eksisterande eller potensielt nye partnarar frå eit eller fleire av landa lista under for å diskutere moglege idear for prosjektsamarbeid. Diku og den enkelte programoperatør i dei europeiske samarbeidslanda kan bistå med partnarsøk ved behov.
Det er alltid den europeiske partnaren som er prosjektkoordinator, men vi oppfordrar alle norske universitet og høgskular til å ta initiativ overfor tidlegare, eksisterande eller nye partnarar og vere aktivt deltakande i utvikling av prosjektideen. Den europeiske partnaren står difor ansvarleg for både søking og rapportering.
Kvart enkelt samarbeidsland forvaltar og lyser ut eigne midlar. Sjå aktive og nært planlagde utlysingar under:
Romania lyser ut i underkant av 2 millionar euro til mobilitet og institusjonelt samarbeid. Utlysinga er open for alle fagområde, men prosjekt med fokus på digitalisering av undervisning vil bli prioritert. I tillegg prioriterast tema som inkluderande undervisning (retta mot minoritetsgrupper), demokrati og medborgarskap.
Romania vil lyse ut nye midlar hausten 2021.
Tsjekkia lyser ut i underkant av 3 millionar euro til samarbeidsprosjekt med særleg vekt på inkluderande undervisning , demokratiforståing og aktivt medborgarskap, mobilitet, samt inkludering av vanskelegstilte grupper i utdanning (med særleg vekt på romani).
Polen lyser ut i overkant av 7 millionar euro til mobilitet og institusjonelt samarbeid, samt kompetanseheving av vitskapleg og administrativt tilsette innan høgre utdanning. Prioriterte område er inkluderande undervisning, utdanningsleiing, utvikling av kvalitetskultur i utdanning, utvikling av karriererettleiing, samt barnevernsutdanning.
Slovenia lyser ut i overkant av 10 millionar euro til institusjonelt samarbeid for å betre kvalitet og relevans av undervisning på alle utdanningsnivå, styrke vanskelegstilte grupper sin tilknyting til arbeidslivet, samt betre tilbod og støttesystem for å kombinere arbeidsliv og familieliv.
Utlysing kjem i februar 2021.
Slovakia lyser ut ca. 3,5 millionar euro til institusjonelt samarbeid og student- og tilsettmobilitet. Fokus for det slovakiske programmet er innovasjon i grøn industri og velferdsteknologi, men utlysinga er ikkje avgrensa til desse fagområda.
Utlysing kjem i februar/mars 2021.
Kroatia lyser ut i overkant av 20 millionar euro med mål om å styrke undervisninga i STEM-fag i grunnskulen som del av eit lokalutviklingsprogram.
Utlysing kjem i løpet av første halvår 2021.
Merk at nokre utlysingar og er opne for andre utdanningsnivå enn høgare utdanning. Alle utlysingar blir fortløpande publisert på diku.no.
Lær meir om moglegheitane med EØS-midlane i vårt webinar tysdag 19. januar.