Aktuelt
Aktuelt
15.12.2020

Store midlar til auka arbeidsrelevans

Diku har tildelt 45 millionar som skal gjere høgare utdanning meir relevant for arbeidslivet. 

Sju universitet og høgskular får no pengar til å utvikle nye læringsformer som koplar studentar og arbeidsgivarar tettare saman. Studentane skal få meir praksis, løyse konkrete problem for bedrifter og få meir undervisning av folk frå arbeidslivet.

– Eg vil at studentane skal møte konkrete problemstillingar frå arbeidslivet i utdanninga, slik at dei betre forstår korleis dei kan bruke det dei har lært når dei skal ut i jobb. Dette er viktig for studiekvaliteten og for at næringsliv og offentleg sektor skal få den kompetansen dei treng, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

Desse fekk midlar

Pengane deles ut av Diku. Det er Universitetet i Søraust-Noreg, UiT Noregs arktiske universitet, NTNU, Høgskulen på Vestlandet, Nord universitet, Norges Handelshøgskole og Noregs miljø- og biovitskapelege universitet som får stønad. 

– Gjennom tverrfaglege prosjekt og utfordringsbasert læring får studentane viktig kompetanse innan samarbeid, kreativitet og omstilling. Dette er heilt vesentleg for arbeidslivet i framtida, seier Harald Nybølet, direktør i Diku. 

Les heile meldinga frå Kunnskapdepartementet 

Meir om Dikus program for arbeidsrelevans i høgare utdanning