Aktuelt
Aktuelt
12.05.2020

Styrker fleksible utdanningstilbod

Regjeringa vil bruke ytterlegare 43,9 millionar kroner på fleksible, desentraliserte utdanningar.

– Med dette kan vi seie ja til fleire søknadar frå universitet og høgskular som ønsker å tilby fleksibel utdanning til studentar som ikkje har høve til å studere fast ved ein campus, seier Diku-direktør Harald Nybølet.

Løyvinga er ein del av utdanningspakken på ein halv milliard kroner i forslaget til revidert nasjonalbudsjett som regjeringa la fram i dag.

Smilende Diku-direktør Harald Nybølet

Harald Nybølet, direktør i Diku. (Foto: Tove Breistein)

– Dei fleksible tilboda vil gi fleire tilgang til utdanning, uavhengig av tid, stad og livssituasjon. I den spesielle situasjonen vi står i, vil utdanning spele ei viktig rolle og bidra til å ruste samfunnet for framtida sine behov for kompetanse, seier Nybølet.

Tidlegare i år lyste Diku ut inntil 90 millionar kroner til utvikling av slike fleksible utdanningstilbod. Dei fekk då inn søknadar på til saman 177 millionar kroner frå 17 universitet og høgskular.

Tilleggsløyvinga på 43,9 millionar kroner omfattar også utdanningsstønad gjennom Lånekassen.