Aktuelt
Aktuelt
10.10.2019

Tilleggsstipend: Ny liste for studieåret 2020-2021

Liste over studiestadar i utlandet som gir rett til tilleggsstipend frå Lånekassen, er oppdatert.

Norske studentar som studerer utanfor Norden, får dekt skulepengar inntil ei viss grense. Dersom skulepengar overstig denne grensa, kan dei få ytterlegare støtte dersom lærestaden står på kvalifiseringslista for tilleggsstipend. 

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) reviderer denne lista kvart år. 

Kan få 72.320 ekstra 

For studieåret 2020–2021 er det totalt 141 institusjonar på lista. 

Ordninga inneber at norske studentar som vil studere ved ein av desse høgt rangerte institusjonane kan få inntil 72.320 kroner i året i reint stipend til skulepengar, på toppen av dei 133.752 som alle kan få i lån og stipend for å dekke skulepengar utanlands. 

For andre akkrediterte institusjonar i utlandet, som har høgare skulepengar enn den ordinære støtta, kan det søkjast om tilleggslån på inntil 103.632 kroner til dekking av skulepengar. Sjå Lånekassen sine nettsider for meir informasjon.  

Mogleg å studere gratis 

Lista viser dei 141 sterkaste institusjonane i verda, basert på Times Higher Education si rangering over verdsuniversitet og Academic Ranking of World Universities - ARWU. ARWU vert òg kalla Shanghai-rangeringa. Plasseringa i kvar av desse to rangeringane vert slege saman til ein poengsum for institusjonen. Denne er så brukt for å rangere kvalifiseringslista for tilleggsstipend. Lånekassen gjer utrekningar som avgjer kor mange plassar det vert på lista. 

Merk at slett ikkje alle universiteta på lista krev skulepengar. Til dømes er det ni tyske universitet på lista, og på dei kan ein studere så å seie gratis og på den måten spare mange hundre tusen samanlikna med lærestader som krev skulepengar. 

Det er berre små endringar på lista frå førre studieår.  

Seks nye kjem inn: University Paris Diderot - Paris 7, University of Paris Descartes (Paris 5), University of Ottawa, Nanjing University, University of Sussex, University of Cologne. 

Seks læresteder går ut av lista: Amerikanske Texas A&M University, University of Texas Southwestern Medical Center at Dallas og Dartmouth College, og tyske University of Hamburg, TU Dresden og University of Würzburg.