Aktuelt
Aktuelt
12.10.2020

Utvida stipend til skulepengar

Her er ny liste for studieåret 2021-2022 : Utvida stipend til dekning av skulepengar for studentar ved utvalde lærestader utanfor Norden.

Liste over studiestadar i utlandet som gir rett til utvida stipend til dekning av skulepengar ved utvalde lærestader (tidligere tilleggsstipend) frå Lånekassen, er oppdatert. 

Norske studentar som studerer utanfor Norden, får dekt skulepengar inntil ei viss grense. Dersom skulepengar overstig denne grensa, kan dei få ytterlegare støtte dersom lærestaden står på kvalifiseringslista for tilleggsstipend.  

Diku reviderer denne lista kvart år.  

Kan få 73.694 ekstra  

For studieåret 2021–2022 er det totalt 146 institusjonar på lista.  

Sjå heile lista og les meir om ordninga

Ordninga inneber at norske studentar som vil studere ved ein av desse høgt rangerte institusjonane kan få inntil 73.694 kroner i året i reint stipend til skulepengar, på toppen av dei 136.294 som alle kan få i lån og stipend for å dekke skulepengar utanlands.  

For andre akkrediterte institusjonar i utlandet, som har høgare skulepengar enn den ordinære støtta, kan det søkjast om tilleggslån på inntil 105.601 kroner til dekking av skulepengar. Sjå Lånekassen sine nettsider for meir informasjon.   

Mogleg å studere gratis  

Lista viser dei 146 sterkaste institusjonane i verda, basert på Times Higher Education si rangering over verdsuniversitet og Academic Ranking of World Universities - ARWU. ARWU vert òg kalla Shanghai-rangeringa. Plasseringa i kvar av desse to rangeringane vert slege saman til ein poengsum for institusjonen. Denne er så brukt for å rangere kvalifiseringslista for tilleggsstipend. Lånekassen gjer utrekningar som avgjer kor mange plassar det vert på lista.  

Merk at slett ikkje alle universiteta på lista krev skulepengar. Til dømes er det ni tyske universitet på lista, og på dei kan ein studere så å seie gratis og på den måten spare mange hundre tusen samanlikna med lærestader som krev skulepengar.  

Det er berre små endringar på lista frå førre studieår.   

Åtte nye kjem inn: Dartmouth College, Hebrew University of Jerusalem, King Abdulaziz University, Korea Advanced Institute of Science and Technology (KAIST), Université Libre de Bruxelles, University of Lausanne, University of São Paulo og University of Utah.  

Ett lærested går ut av lista: University of California, Santa Cruz.