AVLYST: NAFSA 2020

NAFSA-konferansen er ein viktig møteplass for norske og internasjonale utdanningsinstitusjonar. I år er konferansen avlyst. 

AVLYST: NAFSA Annual Conference and Expo er verdas største utdannings-konferanse. Over 8.000 representantar frå universitetssektoren i USA, Canada og  meir enn 90 andre land møtest vanlegvis på konferansen for sesjonar, møte, messeområde og mottakingar. Her kan du lesa meir om avlysinga. 

 

AVLYST: Frukost for norske deltakarar

Diku ønskjer å invitera alle norske deltakarar til frukost onsdag morgon. Sidan ein ikkje har den norske standen som eit naturleg samlingspunkt under konferansen, ønskjer me å gje deltakarane høve til å møtast i ei uformell setting. 

Tid: Onsdag 27. mai 08:00 - 10:00

Stad: St. Louis BLTs , 626 N 6th Street

Påmelding: Me ser helst at de melder på institusjonen sine deltakarar samla på den norske frukosten.
Her finn de påmeldingsskjema til frukosten. 
 

AVLYST: Mottaking for norske institusjonar og partnarar

Diku arrangerer kvart år ei mottaking saman med dei norske institusjonane. Her kan  institusjonane invitera sine internasjonale samarbeidspartnarar til ei  hyggeleg stund i uformelle og fine omgjevnader.

I år finn mottakinga stad på National Blues Museum.  Det blir buffé, åpen bar, levande musikk og adgang til utstillinga for dei som ønskjer det. 

Som tidlegare dekker Diku faste kostnader til lokale, musikk, servering, forsikring etc., medan institusjonane dekker mat og drikke ved å betala kr 500,- NOK per person (inkl. eigne tilsette som deltek).

Institusjonane må melda inn tal gjester (inkl eigne tilsette) i forkant - e-post går ut til internasjonalt ansvarleg om dette. Under her finn du invitasjon du kan lasta ned og senda vidare til dine kontaktar.

Frist for å melda inn tal på gjester er torsdag 30. april 2020. Dersom du ikkje har fått e-post om mottakinga, ta kontakt med rådgjevar Synne Lysberg.  

Tid: Torsdag 28. mai 2020, kl 18:30 - 21:30

Stad: National Blues Museum

Meld deg på den norske mottakinga her. 

Frist for å melda seg på mottakinga er onsdag 19. mai 2020.

Last ned invitasjon (pdf-format med lenke til påmelding/kart) til distribusjon her. 

Tid:
Fra: 24. mai 2020 08:00
Til: 29. mai 2020 12:00
Spørsmål?
Send en e-post til
synne.lysberg@diku.no