Nordplus arrangerer eit kontaktseminar for alle som arbeider innan nordiske språk og minoritetsspråk i den nordiske regionen. Arrangementet finn stad i Hveragerði, Island, 18.-20. september 2023.
Målgrupper
Tilsette ved institusjonar og organisasjonar innan nordiske språk i dei nordiske og baltiske landa, og innan minoritetsspråk i den nordiske regionen. Dette kan vera lærarar og andre tilsette, rektorar og leiing i barnehagar, grunnskule, ungdoms- og vidaregåande skule, institusjonar for vaksnes læring, universitet og forskingsinstitutt, organisasjonar og samband, NGO-ar og andre uformelle læringsarenaer, nettverk og private selskap.
Meir informasjon om seminaret
Meir informasjon om seminaret og lenkje til påmelding finn du på Nordplus sine heimesider.
Påmeldingsfrist: 30. april 2023