EAIE 2019

EAIE-konferansen for høgare utdanning vert arrangert i Helsingfors, Finland, 24. - 27. september. Her finn du informasjon om Diku sine arrangement på konferansen. 

Last ned programmet her

Felles stand og booking av møtebord

Diku samarbeider med NOKUT om ein felles stand (standnr. tbc) på utstillingsområdet til EAIE 2019. Institusjonane kan her booka møtebord, og vert i tillegg oppfordra til å ta vakter ved standen. Det er mulig å ta med mindre materiell som kan distribuerast. 

Vakter på standen: Det vil alltid vera ein representant frå Diku eller NOKUT til stades på standen. I tillegg ønskjer me to eller tre representantar frå norsk institusjon. Du representerer då også norsk utdanningssektor i tillegg til din eigen arbeidsgjevar, og jobben din er å svara på spørsmål frå "publikum". Me ønskjer at kvar institusjon helst tek to eller tre vakter i løpet av EAIE, litt avhengig av storleik. Husk å koordinera dykk internt. 

Her kan du melda deg til vakt på Study in Norway-standen. 

Standen vil ha fire småbord til møte med partnarar. Me vil gjera vårt beste for at de blir tildelt dei møtetidspunkta de ønskjer, men dette avheng av at de bookar møteborda så tidleg som mulig. Husk at de bookar møtebord som institusjon - koordiner påmeldinga internt.

Her er lenke til booking av møtebord.

Siste frist for påmelding til vakter og møtebord er 17. september 2019. 

Mottaking: A taste of Norway

Det blir som vanleg ei mottaking på standen, torsdag 26. september kl 15 - 16. Her blir det servert litt norsk mat og drikke. Dette er sjølvsagt gratis, og de finn invitasjon de kan senda til dykkar samarbeidspartar her.
 

Campus France: nordisk-fransk møte

Det blir arrangert eit halvdagsseminar for nordiske og franske institusjonar tirsdag 24. september kl. 14 - 18. Seminaret blir arrangert av Campus France i samarbeid med Institut Francais i dei nordiske landa.

Her kan du lasta ned ein flyer frå Campus France om arrangementet. 

Spørsmål om arrangementet rettast til Institut Francais Norvège ved Jean-Michel Portefaix: jmportefaix@france.no. 

Påmeldingsfrist:
Tid:
Fra: 24. sep. 2019 09:00
Til: 27. sep. 2019 17:00
Spørsmål?
Send en e-post til
tordis.espeland@diku.no