Erasmus+ oppstart- og erfaringsseminar 2021

HK-dir har gleda av å invitera alle nye og pågåande Erasmus+-prosjekt til oppstart– og erfaringsseminar 2021. Seminaret handlar om mobilitet i barnehage, skule, fag- og yrkesopplæring, og vaksnes læring. 

Årets oppstart – og erfaringsseminar (OES 2021) blir digitalt, og går over to dagar: 29. og 30. september 2021. 

I laupet av desse to dagane vil vi halda ei rekke webinar som er relevante for alle som har eit Erasmus+ mobilitetsprosjekt i grunnopplæringa. 

Som deltakar forpliktar du deg ikkje til å delta på alle webinara, du vel sjølv dei som måtte interessera deg.     

Kven bør delta?

Programmet er av høg verdi for alle som koordinerer eit Erasmus+ mobilitetsprosjekt, og vil forenkla arbeidet som koordinator. 

Men det er òg mogleg å delta på webinara sjølv om du ikkje deltar aktivt i Erasmus+.

Program

Webinara handlar om mobilitet i barnehage, skule, fag- og yrkesopplæring, og vaksnes læring. 

Webinara vil omhandla ei rekke tema. Nokre vil ta føre seg det praktiske knytt til det å driva eit prosjekt, som til dømes økonomi, rapportering og kva plikter som ligg i kontrakten. Vi tilbyr vidare webinar om inkludering – og korleis ein kan finna potensielle samarbeidspartnarar. 

Les heile programmet her

Påmelding

Ønsker du å delta på eit eller fleire webinar? Meld deg på øverst på denne sida: «Meld deg på her».

Påmeldinga gjeld begge dagane, og du vel sjølv kva webinar du ønsker å delta på. 

Påmeldingsfrist: Tysdag 28. september. 

Etter at du har meld deg på, kan du følge webinara her:

Onsdag  29. september (kl. 09. 00 – 14.15).

Torsdag 30. september (kl. 09.00 – 13.15).

Opptak av webinar

Webinara vil bli tatt opp og publisert på HK-dir si nettside. Når du loggar på, ber vi deg om å bekrefta at du godtar opptak av webinaret. Vi spesifiserer at opptaka ikkje vil identifisera deltakarar. Om du ikkje ønsker å delta på webinar som blir tatt opp, anbefaler vi at du heller ser opptaket på HK-dir si nettside i etterkant. 

Webinara handlar altså om mobilitet innan barnehage, skule, fag- og yrkesopplæring, og vaksnes læring. Det vil seia tiltaka KA101, KA102, KA104, KA116 frå den førre programperioden – og KA121 (ADU/SCH/VET) og KA122 (ADU/SCH/VET) frå noverande Erasmus+ programperiode (2021–2027). 

Velkommen til Erasmus+ oppstart- og erfaringsseminar 2021!

Icon showing a calendar
Påmeldingsfrist:
Tid:
Fra: 29. sep. 2021 09:00
Til: 30. sep. 2021 14:00
Spørsmål?
Send en e-post til
gaute.kornberg@hkdir.no
Praktisk informasjon:

Årets oppstart– og erfaringsseminar er digitalt. I laupet av 29. og 30. september 2021 vil vi halda ei rekke webinar som er relevante for alle som har eit Erasmus+ mobilitetsprosjekt innanfor grunnopplæringa.