Erasmus+ oppstarts- og erfaringsseminar KA2 2021

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har gleda av å invitera alle nye og pågåande Erasmus+ Strategiske Partnarskap og Samarbeidspartnarskapsprosjekt til oppstarts– og erfaringsseminar 2021. Seminaret handlar om samarbeidspartnarskap i barnehage, skule, høgare utdanning, fag- og yrkesopplæring, og vaksne si læring.

Årets oppstarts- og erfaringsseminar (OES 2021) blir digitalt, og går over to halve dagar: 17. og 18. november 2021.  

I løpet av desse to dagane vil vi halda ei rekke webinar som er relevante for alle som har eit Erasmus+ samarbeidsprosjekt. 

Som deltakar forpliktar du deg ikkje til å delta på alle webinara - du vel sjølv dei som måtte ha interessere for deg. 

Kven bør delta? 

Programmet er tilrettelagt for alle som koordinerar eit Erasmus+ samarbeidsprosjekt, og vil forenkla arbeidet ditt som koordinator. Me oppfordrar også dei som hjelper prosjekta med økonomi og administrasjon om å delta. 

Det er òg mogleg å delta på webinara sjølv om du ikkje deltar aktivt i Erasmus+. 

Program 

Webinara vil omhandla ei rekke tema. Nokre vil ta føre seg det praktiske knytt til det å driva eit prosjekt, som til dømes økonomi, rapportering og kva plikter som ligg i kontrakten. Vi tilbyr også webinar om inkludering – og korleis ein kan jobbe effektivt med spreiing av resultat i prosjekta. 

Program kjem!

Påmelding 

Ønskjer du å delta på eit eller fleire webinar? Meld deg på øvst på denne sida: «Meld deg på her». 

Påmeldinga gjeld begge dagane, og du vel sjølv kva webinar du ønskjer å delta på.  

Påmeldingsfrist: tysdag 16. november kl 12:00.  

Etter at du har meld deg på, kan du følge webinara her: 

Onsdag 17. november (kl. 09.00 – 13.00) 

Torsdag 18. november (kl. 09.00 – 13.00) 

Opptak av webinar 

Webinara vil bli tatt opp og publisert på Direktoratet si nettside. Når du loggar på, ber vi deg om å bekrefta at du godtar opptak av webinaret. Vi spesifiserer at opptaka ikkje vil identifisera deltakarar. Om du ikkje ønsker å delta på webinar som blir tatt opp, anbefaler vi at du heller ser opptaket på Direktoratet si nettside i etterkant.  

Webinara handlar altså om samarbeidsprosjekt innan barnehage, skule, høgare utdanning, fag- og yrkesopplæring, og vaksne si læring. Det vil seia tiltaka KA201, KA202, KA203, KA204, KA226 og KA227 frå den førre programperioden – og KA220 (ADU/SCH/VET/HU) frå noverande Erasmus+ programperiode (2021–2027).  

Velkommen til Erasmus+ oppstarts- og erfaringsseminar 2021!

Icon showing a calendar
Påmeldingsfrist:
Tid:
Frå: 17. nov. 2021 09:00
Til: 18. nov. 2021 13:00
Spørsmål?
Send en e-post til:
erasmuspluss@hkdir.no
Praktisk informasjon

Årets oppstart – og erfaringsseminar (OES 2021) blir digitalt. I løpet av 17. og 18. november 2021 vil vi halda ei rekke webinar som er relevante for alle som har eit Erasmus+ samarbeidsprosjekt.