INTPART søkjarwebinar

Har du planar om å søkje midlar i årets INTPART-utlysing? I dette webinaret får du rettleiing og gode tips og råd til søknaden.

INTPART søkjarwebinar

 

INTPART støttar etablering av internasjonale partnarskap for framifrå utdanning, forsking og innovasjon og er samadministrert av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og Forskingsrådet. 

Formålet med utlysinga er å utvikle verdsleiande fagmiljø i Noreg gjennom langsiktig internasjonalt institusjonelt samarbeid.  

Delmåla for INTPART er:

  • Varige internasjonale partnarskap som aukar kvaliteten på høgare utdanning og forsking i Noreg
  • Gode koplingar mellom høgare utdanning og forsking
  • Samarbeid med arbeids- og næringsliv for auka kvalitet og relevans

Målgruppa for webinaret er norske universitet, høgskolar og andre forskingsorganisasjonar som vil søkje midlar til samarbeid med partnarar i Brasil, Canada, Frankrike, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea, Tyskland og USA. 

Du vil få informasjon om programmet og årets utlysing, samt rettleiing og tips til søknadsskrivinga.

Program

  • Om INTPART
  • Utlysinga i 2022
  • Gjennomgang av søknadsskjemaet
  • Spørsmål og svar

 

Icon showing a calendar
Påmeldingsfrist:
Tid:
Fra: 15. feb. 2022 10:00
Til: 15. feb. 2022 12:00
Spørsmål?
Send en e-post til
intpart@hkdir.no
Praktisk informasjon:

Søkjarwebinaret vert arrangert av Forskingsrådet intpart@forskningsradet.no og HK-dir intpart@hkdir.no.

Presentasjonane vert på norsk, men det vil vere mogeleg å stille spørsmål og få svar på engelsk. Opptak av webinaret blir tilgjengeleg på nettsidene til Forskingsrådet og HK-dir.