Polen lyser ut i underkant av 15 millionar Euro til utdanningssamarbeid i EØS-midlane. Norske grunnskular, vidaregåande skular, VET-skular (vgs og fagskule) og høgre utdanningsinstitusjonar er invitert til digitalt kontaktseminar.
Utlysinga opnar for prosjekt innan alle fagområder og utdanningsnivå og har følgjande inndeling:
Overordna prioriteringar er inkluderande utdanning, utdanningsleiing, kvalitet i utdanning, utvikling av VET-sektoren, karriererettleiing og barnevernsutdanning. Vi oppmodar til å bygge på eksisterande samarbeid med Polen for dei som har dette, anten frå tidlegare utlysingar innan EØS-midlane eller finansiert gjennom Erasmus+ eller andre program.
Meir informasjon om utlysinga finn du her. Søknadsfrist er 12.04.2021.
09.03.2021, kl 1200-1530 - Vgs yrkesutdanning og fagskular (VET)
10.03.2021, kl 12-1530 – Høgre utdanning
11.03.2021, kl 12-1530 – Skule- både grunnskule og vidargående (NB! Ikkje VET – eige seminar 09.03)
Deltakarane treng kun å delta den dagen som omfattar relevant sektor.
Seminaret vil foregå på ei digital plattform der skular og institusjonar kan registrere si interesse og legge inn prosjektidear og/eller ønska tematikk for samarbeid, og søkje etter partnarar. Det vil vere både polske og norske rettleiarar tilgjengeleg under seminaret.
NB! Alle som vil delta på kontaktseminar må registrere seg på denne plattforma i forkant.
Plattforma egnar seg spesielt for dei som er interessert i samarbeid med Polen, men enno ikkje har kontakt med ein relevant partnar eller har behov for å diskutere ulike prosjektidear med potensielle partnarar. Vi oppmodar uansett alle til å gå inn og gjere seg kjent med plattforma og dei forslag til prosjektidear som alt ligg inne. Plattforma er drifta av den polske programoperatøren.
For å få tilgang til plattformen må du registrere deg her (klikk på den grøne knappen oppe til høgre).
For skular og institusjonar som ynskjer å samarbeid med ein polsk partnar er dette eit godt høve til å møte potensielle partnarar!
Påmelding skjer via eigen påmeldingslenke eller via den digitale plattforma (under fanen ANNOUNCEMENTS). Her vil og relevant informasjon og beskjedar bli delt i forkant av seminaret.