Kvalitetstid: Korleis står det til med norsk fagspråk i høgare utdanning?

Universitet og høgskular har eit ansvar for å halde ved like og vidareutvikle norsk som fagspråk. Kor gode er dei til å følge opp dette ansvaret? Velkommen til nettmøtet Kvalitetstid torsdag 8. april.

Se opptak av nettmøtet

Diku har utarbeidd rapporten «Språkstrategiar i høgare utdanning», på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

I Kvalitetstid, torsdag 8. april, legg vi fram hovudfunn frå rapporten. Så inviterer vi til fagleg debatt, og spør mellom anna: 

  • Kva gjer dei institusjonane som lukkast med å ta vare på norsk fagspråk?
  • Kor stor trussel utgjer engelsk for norsk fagspråk?

Kvalitetstid varer i ein time, og vi legg opp til ein samtale i eit panel med: 

  • Åse Wetås, direktør i Språkrådet
  • Gunnar Yttri, rektor, Høgskulen på Vestlandet
  • Annbjørg Pasteur Stø, fag- og forskingspolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon
  • Vidar Røeggen, seniorrådgjevar i UHR
  • Ane Landøy, seniorrågjevar i Diku 

Samtalen blir leia av Ragnhild Tungesvik, avdelingsdirektør for Avdeling for utreiing og analyse i Diku. Det blir høve til å stille spørsmål og komme med kommentarar til panelet.   ​​​​​

Icon showing a calendar
Påmeldingsfrist:
Tid:
Frå: 8. apr. 2021 10:00
Til: 8. apr. 2021 11:00
Spørsmål?
Send en e-post til:
ane.landoy@diku.no