Kvalitetstid: Solid vekst - lansering av Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning

Velkommen til Kvalitetstid torsdag 17. juni kl 10:00 og til lansering av årets Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning.  

Se opptak av nettmøtet

Kvart år utarbeider Diku Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.  

Årets rapport visar ein solid auke i talet på fagskulestudentar. Samstundes blir  fagskulane større med fleire studiestader. Ein auke i talet på studentar som fullfører si fagskuleutdanning kan vere ein indikasjon på at kvaliteten på utdanningane blir betre.

 Samla sett indikerer dette at fagskulesektoren har levd opp til den sterke satsinga som har kome dei siste åra.

På nettmøtet Kvalitetstid spør vi mellom anna:

  • Kva må gjerast for å ivareta og framleis auke utdanningskvaliteten?
  • Korleis ser det ut frå fagskolane sjølve?
  • Korleis påverkar veksten studentane?
  • Kva er fagskolane si rolle i utdanningsløftet?
  • Kor godt rusta er høgare yrkesfagleg utdanning i Noreg for å møte framtida?

Kvalitetstid varer i ca. ein time, og du møter:

  • Henrik Asheim, forskings- og høgare utdanningsminister
  • Wictor Østvand Jensen, leiar av Organisasjon for norske fagskolestudentar
  • Knut-Erik Beyer-Arnesen, nestleiar i Nasjonalt fagskoleråd
  • Annelise Kiønig, rektor ved Fagskolen Kristiania
  • Martin Paulsen, seniorrådgjevar i Diku

Kvalitetstid 17. juni vert leidd av Else Kathrine Nesmoen, leiar av seksjon for utdanning og arbeidsliv i Diku. 

 

Icon showing a calendar
Påmeldingsfrist:
Tid:
Fra: 17. jun. 2021 10:00
Til: 17. jun. 2021 11:00
Spørsmål?
Send en e-post til
ane.landoy@diku.no