Kvalitetstid: Ti år med Sentre for framifrå utdanning – kva no?

Sentre for framifrå utdanning er ein spydspiss og pioner for kvalitetsutvikling. Korleis bidrar ordninga til å styrke bredda av høgare utdanning?

Sjå opptak frå møtet

 

 

I Kvalitetstid tar vi eit tilbakeblikk på ti år med kvalitetsarbeid i høgare utdanning. Vi skal også diskutere potensialet for framtidig kvalitetsutvikling på bakgrunn av erfaringane frå ordninga Sentre for framifrå utdanning.  

Kvalitetstid varer i ein time og femten minutt, og du vil treffe:  

  • Ola Borten Moe, Forskings- og høgare utdanningsminister
  • Professor Oddrun Samdal frå Universitetet i Bergen, om sentra sitt bidrag til kvalitet i høgare utdanning 
  • Tuva Todnem Lund, leiar Norsk studentorganisasjon 
  • Anne Borg, Rektor på NTNU 
  • Anders Malthe-Sørenssen, senterleiar for Centre for Computing in Science Education ved Universitetet i Oslo 
  • Sveinung Skule, direktør for Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse 

Samtalen blir leia av Jon Gunnar Mølstre Simonsen frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. 

Informasjon om opptak

Nettmøtet vil bli tatt opp og publisert på våre nettsider i etterkant. Som deltakar vil du ikkje komme med på opptaket. Du vil heller ikkje kunne sjå andre deltakarar eller deltakarlista. 

Icon showing a calendar
Påmeldingsfrist:
Ingen påmeldingsfrist
Tid:
Frå: 10. nov. 2021 10:00
Til: 10. nov. 2021 11:15
Spørsmål?
Send en e-post til:
sfu@hkdir.no