Kvalitetstid: Verdien av Erasmus+ i grunnopplæringa

Kva utbyte har norske elevar, lærarar og skular av å delta i internasjonalt samarbeid? Og korleis jobbar skulane med å knyte dei internasjonale prosjekta til læreplanverket?

Sjå opptak av nettmøtet

Last ned presentasjonar

Kunnskapsminister Tonje Brenna presenterer sine vurderingar av internasjonalt samarbeid og kvalitet i norsk skule i dag – og prioriteringar og mål for åra framover.

Vidare presenterer vi funn frå vår heilt ferske rapport: «Fag og fellesskap: Betydningen av Erasmus+ skoleutvekslingspartnerskap»

Rapporten viser at elevane får betre språkferdigheiter, sjølvtillit, sosial kompetanse og evne til kritisk tekning. Også lærarane opplever ei rekkje positive verknader av internasjonalt samarbeid. Samstundes er det eit stort potensial for å nytte Erasmus+ til skuleutvikling, viser rapporten.

Etter presentasjonen av rapporten opnar vi for ein panelsamtale om norsk grunnopplæring og Erasmus+:

  • Mads Gravås, seniorrådgivar i Kunnskapsdepartementet. Gravås var prosjektleiar for «Strategi for norsk deltakelse i Erasmus+ og Det europeiske utdanningsområdet».
  • Cecilie Indrebø, rådgivar ved Ingieråsen skole. Indrebø har drifta fleire Erasmus+-prosjekt for denne ungdomsskulen i Nordre Follo. 
  • Jens Flakstad Vold, sentralstyremedlem i Elevorganisasjonen.
  • Møteleiar: Siv Andersen, avdelingsdirektør for Avdeling for kunnskap og læring, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Det er verdens største utdanningsprogram, med eit budsjett på 26,5 milliardar euro for perioden 2021-2027. Noreg deltar fullt og heilt i Erasmus+.

Informasjon om opptak

Nettmøtet vil bli tatt opp og publisert på våre nettsider i etterkant. Som deltakar vil du ikkje komme med på opptaket. Du vil heller ikkje kunne sjå andre deltakarar eller deltakarlista.

Icon showing a calendar
Påmeldingsfrist:
Tid:
Frå: 30. nov. 2021 10:00
Til: 30. nov. 2021 11:00
Spørsmål?
Send en e-post til:
ane.landoy@hkdir.no
Praktisk informasjon

Etter registrering vil du få ein e-post med informasjon om korleis du koplar deg til.