NAFSA 2019

NAFSA-konferansen er ein viktig møteplass for norske og internasjonale utdanningsinstitusjonar. Diku legg til rette for at norske universitet og høgskular kan delta på Study in Norway-standen, som er plassert i messeområdet til konferansen. I tillegg inviterer Diku og institusjonane samarbeidspartnarar til ei norsk mottaking ved den norske ambassaden i Washington DC.

NAFSA Annual Conference and Expo er verdas største utdanningskonferanse. Over 8.000 representantar frå universitetssektoren i USA, Canada og over 90 andre land vil vera på plass i Washington DC i USA for å delta på konferansen og den tilhøyrande messa.

Study in Norway-stand

Ein viktig del av konferansen er det store messeområdet, der også Study in Norway har ein stand (#624). Sjå plasseringa i messelokalet her

Me oppfordrar deltakarar frå norske universitet og høgskular til å nytta denne til møteplass og nettverksbygging i løpet av konferansen, og me er avhengige av at de vil melda dykk på vaktlista vår til standen.

Messeområdet har følgjande opningstider:

  • Tysdag  28. mai: 08.30 – 15.30 
  • Onsdag 29. mai: 08.30 – 17.00 
  • Torsdag 30.mai: 08.30 – 17.00 
  • Fredag 31. juni: 08.30 – 11.15 

Kvar vakt er på 1,5 eller 2 timar. Max tre på standen per vakt og og ein per institusjon. 

Meld deg på standvakter ved å klikke her.

Frist for å melde seg på som standvakt er 16. mai 2019. NB Det er førstemann til mølla så dersom du melder deg på tidleg, er det større sjans for å få dei vaktene du ønskjer. 

Norsk mottaking for institusjonane og partnarar

Diku arrangerer kvart år ei norsk mottaking saman med dei norske institusjonane. Her kan dei norske institusjonane invitere sine internasjonale samarbeidspartnarar til ei mottaking i uformelle, men fine omgjevnader.I år finn mottakinga stad i residensen til den norske ambassaden, og med den norske ambassadøren i USA, Kåre R. Aas, som vertskap.  Som tidlegare dekker Diku faste kostnadar til lokalet, musikk, serverings- og tryggleikspersonell, forsikring etc., medan institusjonane dekkar ein kuvertpris for eigne deltakarar og gjester på kr 325,- NOK. Institusjonane må melde inn tal gjestar på forhand. Institusjonane vert fakturert i etterkant for for tal innmelde gjestar, eventuelt faktisk tal gjestar som møtte (viss sistnemnde tal overstig det første).

Frist for å melde inn tal gjestar er fredag 19. april 2019.

Tid: Torsdag 30. mai 2019, kl 18-20

Stad: Den norske ambassaden, 3401 Massachusetts Ave, NW Washington, D.C. 20007. Sjå kart her.

Meld deg på den norske mottakinga her. 

Frist for å melde seg på mottakinga er fredag 25. mai 2019.

Last ned invitasjon (pdf-format med lenke til påmelding/kart) til distribusjon her. 

Påmeldingsfrist:
Tid:
Fra: 26. mai 2019, 08:00
Til: 31. mai 2019, 12:00
Spørsmål?
Send en e-post til
margunn.instefjord@diku.no