Nordplus informasjonsseminar

Vi inviterer til eit digitalt informasjonsseminar for Nordplus-programmet i forkant av søknadsrunden 2022. Norske skolar, institusjonar, organisasjonar, fylkeskommunar og andre aktørar som planlegg prosjektsøknad er velkomne til å melde seg på.

Nordplus er Nordisk Ministerråd sitt største utdanningsprogram, og no er utlysinga for 2022 ute. Søknadsfristen er 1. februar og som norsk administrator av Nordplus, inviterer Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) alle interessentar til eit informasjons- og rettleiingsseminar i forkant av søknadsfristen.

Agenda

Nettseminaret finn stad torsdag 25. november kl. 11–15, og fokus er informasjon om moglegheitene for støtte i dei ulike underprogramma av Nordplus.

HK-dir vil først gi ein generell presentasjon av Nordplus-programmet, og deretter vil det være mogleg å delta i eit eller fleire nettseminar om dei fem underprogramma Vaksen, Junior, Høgare utdanning, Horisontal og Nordens språk. Vi gir informasjon og rettleiing, viser til andre prosjekteksempel og svarer på spørsmål i samband med krav og kriterium, utfylling av søknadsskjema, osv.

11:00–11:45Generell informasjon om Nordplus
13:00–13:45

a) Nordplus Junior
b) Nordplus Høgare utdanning
c) Nordplus Vaksen

14:00–14:45

a) Nordplus Horisontal
b) Nordplus Nordens Språk

Kven kan delta?

Nettseminaret rettar seg mot norske prosjektleiarar og prosjektdeltakarar. I Nordplus er det moglegheiter for støtte til aktørar innan heile utdanningssektoren, frå barnehage, skole, høgare utdanning og vaksenopplæring, men og til andre sektorar som samarbeider med opplæringsaktørar, som til eksempel fylkeskommunar, privat næringsliv, ideelle organisasjonar, fagforeiningar, osv.

Praktisk informasjon

Nettseminaret vert halde på norsk og det er mogleg å sende inn spørsmål i samband med påmelding eller også undervegs i møta. Møtelenker vert sende per e-post i etterkant av påmeldinga.

Meir informasjon om Nordplus

 

Icon showing a calendar
Påmeldingsfrist:
Tid:
Fra: 25. nov. 2021 11:00
Til: 25. nov. 2021 15:00
Spørsmål?
Send en e-post til
nordplus@hkdir.no