Velkomen til oppstartsmøte for 2022-prosjekta for Individuell mobilitet i høgare utdanning KA131 (tidlegare KA103 Europeisk mobilitet).
14. juni inviterer vi til digitalt oppstartsmøte for KA131. Her vil det vere informasjon og dialog omkring oppstart av 2022-prosjekta, og det vil bli moglegheit til å gje tilbakemeldingar og stille spørsmål.
Oppstartsmøtet består av tre delar: Ein introduksjon til Erasmus+ og KA131. Denne delen er meint for nyare Erasmus+ koordinatorar, og dei som ynskjer grunnleggande kunnskap om KA131. Del to vil vere for alle dei som har fått innvilga Blanda intensivprogram (BIP) på 2021 og/eller 2022 prosjektet. Her blir det lagt opp til deling av erfaringar og svar på spørsmål. Den siste delen er ein felles del med informasjon om prosjektoppstart.
Institusjonanes Erasmus+ kontaktpersonar eller personar ved institusjonane som har et særskilt ansvar for mobilitet i Erasmus+.
12.30-13.00 KA131-kaffeprat for nybegynnarar
13.00-13.45 Prosjektoppstart for 2022
13.45-14.30 Erfaringsdeling om blanda intensivprogram (BIP)
KA131-kaffeprat for nybegynnarar er eit tilbod til nye Erasmus+-koordinatorar og Erasmus+-koordinatorar som ønskjer å friske opp si kunnskap om Erasmus+. Her får de høve til å spørje spørsmål og prate med oss som jobbar med KA131 på HK-dir og likesinna ved andre institusjonar. Før møtet vil vi leggje ut ein opplæringsvideo som gjev ei grunnleggande innføring i Erasmus+. Vi anbefaler at de ser videoen i forkant av møtet.
Prosjektoppstart for 2022 handlar om 2022-prosjektet som startar opp 1. juni. Alle Erasmus+-koordinatorar som jobbar med KA131 er velkommen til å delta, også dei som ikkje ha søkt midlar i 2022. Vi vil svare på spørsmål og leggje til rette for diskusjon. Før møtet vil vi leggje ut ein video om årets tildeling som vi anbefaler de ser gjennom før møtet.
Erfaringsdeling om blanda intensivprogram (BIP) er meint for alle institusjonar som har fått innvilga BIP, anten i 2021 og/eller i 2022. Her vil de bli beden om å dele erfaringar frå arbeidet med BIP, og vi legg opp til ein diskusjon omkring mogelegheiter, utfordringar og løysingar. Vi vil leggje ut ein video i forkant av møtet som vi anbefaler at de ser før møtet.
Ved påmelding vil de få ei Zoom-lenkje med tilgang til alle bolkane. De vel sjølv kva bolk de ønskjer å delta på, men vi oppfordrar alle til å delta på bolken som handlar om prosjektoppstart for 2022 som startar kl. 13.00.
Stad: digitalt