Er du interessert i å samarbeide med Sør-Korea om utveksling av studentar? Har du eit fagleg samarbeid med landet eller er ansvarleg for eit studieprogram der utveksling til Sør-Korea kan vere aktuelt? Då kan dette webinaret vere noko for deg.
Sør-Korea er inkludert i Panorama-strategien som eit av Noreg sine prioriterte samarbeidsland utanfor Europa. I tillegg er det eit mål å auke studentmobiliteten til ikkje-engelskspråklege land.
Målgruppa for webinaret er utdanningsinstitusjonar og fagmiljø som enten har pågåande samarbeid eller ønsker å etablere samarbeid med Sør-Korea. Kunnskap om utdanningssektoren og erfaringar frå norske institusjonar som allereie har samarbeidsavtalar i Sør-Korea vil bli delt under webinaret. Videre vert det lagt til rette for diskusjon mellom deltakarane og panelet.
09:00-09.15: Presentasjon frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse v/seksjonsleiar Jon Gunnar Simonsen
09.15-09.20: Presentasjon frå Forskningsrådet v/spesialrådgjevar Aleksandra W. Haugstad
09.20-09.25: Presentasjon fra Innovasjon Norge Sør-Korea v/avdelingsleiar Svein Grandum
09:25- 09:35: Presentasjon om erfaringar frå Sør-Korea v/ Mira Dahl Aspeli (tidlegare student og utvekslingsstudent i Sør-Korea)
09:35-10:00 under Erfaringer frå ulike utdanningsinstitusjoner
10.00-10.15: Påfølgande erfaringsdeling med alle deltakarar