Ønskjer du å starte eit samarbeid med Sør-Korea eller har du pågåande samarbeid og ønsker å lære meir av andre? Lurer du på kva slags finansieringskjelder som finns? Då kan dette webinaret vere noko for deg.
Sør-Korea vart nyleg inkludert i Panorama-strategien som eit av Noreg sine prioriterte samarbeidsland utanfor Europa. Det er store forventningar til auka samarbeid innan utdanning, forsking og innovasjon.
I dette webinaret ser vi nærare på mogelegheiter for og erfaringar med å kople utdannings- og forskingssamarbeid med Sør-Korea, spesielt med utgangspunkt i våre program, INTPART og UTFORSK. Informasjon om årets utlysingar hos HK-dir og Forskningsrådet, og finansieringsmoglegheiter for norske partnarar ved National Research Foundation i Sør-Korea vertdelt. Vi vil også høyre erfaringar frå påbyrja INTPART og UTFORSK prosjekt i ein paneldiskusjon.
Målgruppa for webinaret er utdanningsinstitusjonar og fagmiljø som anten har pågåande samarbeid eller ønskjer å etablere samarbeid med Sør-Korea. Representantar frå norsk næringsliv kan og ha nytte av webinaret, spesielt om dei ønskjer å kartlegge mogelegheiter for eit tettare samarbeid med akademia om eksempelvis praksissamarbeid eller involvering i utforming av utdanningstilbod og forskingsprosjekt.
Svein Grandum, leier for Innovasjon Norge sitt kontor i Sør-Korea, vil gje oss eit innblikk i mogelege felles satsingsområde for næringslivet i Norge og Sør-Korea og korleis ein kan få til gode samarbeid med akademia.
Webinaret vert arrangert av Forskningsrådet og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i samarbeid med Innovasjon Norge.
Webinaret vert gjennomført på engelsk.
Påmelding skjer gjennom Forskningsrådet sine sider (lenke lengre oppe).
09:00-09:10 | Presentasjon av aktuelle utlysingar frå Forskingsrådet og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse v/seniorrådgjevar Unni Kvernhusvik Sagberg, HK-dir |
09:10-09:25 | Presentasjon av NRF Korea-Nordic R&D Network Programme v/Kim Jong-Deok, direktør for utdanning og internasjonalt samarbeid, National Research Foundation of Korea (NRF) |
09:25-09:40 | «Forskings og utdanningssamarbeid med Korea knytt til viktige felles satsingsområder for næringslivet» v/avdelingsleiar Svein Grandum, Innovasjon Noreg Sør-Korea |
09:40-10:30 | Paneldiskusjon: Korleis sette i gang prosjektsamarbeid med Sør-Korea – erfaringar frå prosjektleiarar i Noreg - Graham Gilbert, Norges Geotekniske Institutt (INTPART) |
Stad: Zoom