Er du interessert i å samarbeide med Japan om utdanning og forsking? Lurer du på moglegheiter for praksissamarbeid eller samarbeid med arbeids- og næringsliv i Japan? Då kan dette webinaret vere noko for deg.
Japan er inkludert i Panorama-strategien som eit av Noreg sine prioriterte samarbeidsland utanfor Europa. I tillegg er det eit mål å auke studentmobiliteten til ikkje-engelskspråklege land.
Målgruppa for webinaret er utdanningsinstitusjonar og fagmiljø som enten har pågåande samarbeid eller ønsker å etablere samarbeid med Japan.
Kunnskap om utdanningssektoren og erfaringar frå norske institusjonar som allereie har samarbeid i Japan vil bli delt under webinaret. Ulike former for samarbeid vil bli presentert, inkludert samarbeid om internship og virtuelle samarbeidsformer (COIL). Videre vert det lagt til rette for spørsmål frå deltakarane.
12:00-12:10 | Presentasjon frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse v/seksjonsleiar Jon Gunnar Simonsen |
12:10-12:20 | Status over utdanningssamarbeid mellom Norge og Japan v/ Marianne Støren Berg, kunnskapsutsending ved Innovasjon Norge Tokyo |
12:20-13:00 | Paneldiskusjon: Korleis bygge videre på etablerte forskingsnettvert/prosjekt for å inkludere studentmobilitet. - Ivar Rønnestad, UiB - Jennifer Branlat, NTNU - Siri Bjørnstad, USN - Benedicte Irgens, UiB Paneldiskusjonen modereres av Julie Christiansen, Forskningsrådet og Unni Sagberg, HK-dir |
13:00-13:30 | Erfaringar frå ulike utdanningsinstitusjonar: COIL og praksismobilitet - COIL- samarbeid med Japan, Tone Merete Brekke, HVL - Praksismobilitet og samarbeid med arbeids- og næringsliv, Kristin Rygg, NHH |
Webinaret arrangeres i samarbeid mellom Innovasjon Norge, Norges Forskningsråd, JSPS Alumni club in Norway og Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.