Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og Universitetet i Oslo har gleda av å invitere til Panoramaseminaret 2023 som finn stad 12. og 13. september i Oslo.
Panoramaseminaret tek for seg moglegheiter og utfordringar i akademisk samarbeid med landa som er omfatta av Panoramastrategien: Canada, Brasil, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA. Seminaret blir ein viktig møteplass for norske fagmiljø og institusjonar som samarbeidar med desse landa innan utdanning, forsking og næringsliv.
Den overordna tematikken for Panoramaseminaret 2023 er korleis geopolitiske endringar utfordrar rammene og føresetnadene for internasjonalt kunnskapssamarbeid. Angrepskrigen i Ukraina, globalisering under press, økonomiske nedgangstider og aukande internasjonal rivalisering har ført til større behov for å verne grunnleggjande akademiske verdiar og nasjonale interesser også innanfor ramma av internasjonalt kunnskapssamarbeid. Endringane har skjerpa forståinga for at kunnskapssamarbeidet er ein viktig del av nasjonal beredskap og at vurderingar knytt til tryggleik er ein integrert del av forskingsintegriteten. Einskilde samarbeidsland er også peika ut som høgrisikoland. Dette gjer internasjonalt kunnskapssamarbeid meir utfordrande, men gir kanskje også nokre nye moglegheiter. I tillegg til ulike sesjonar som tar for seg internasjonalt samarbeid med desse landa, vil seminaret vere ein arena for å dele erfaringar og å bygge nettverk.
Målgruppa for seminaret er:
Praktisk informasjon:
Programmet er utvikla i samarbeid med representantar frå Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Nord universitet, VID vitskaplege høgskule, Universitetet i Sørøst-Norge og Innovasjon Norge. Cecilie Hellestveit (Folkerettsinstituttet), Gunnar Skirbekk (Universitet i Bergen) og Torkjell Leira (Kunnskaps- og teknologiutsending til Brasil) er mellom dei som vil halde innlegg. Det vil bli sesjonar om studiemobilitet til Panoramalanda, ansvarleg internasjonalt samarbeid, nordområda, kopling forsking, utdanning og næringsliv, COIL og digitalt internasjonalt samarbeid, og dessutan landssesjonar der ein kan diskutere landsspesifikke problemstillingar og utfordringar.
Praktisk informasjon: For å delta på heile seminaret eller delar av seminaret, må du registrere deg via påmeldingssystemet vårt Trippus. For å delta fysisk begge dagar er avgifta kr 1500,-. For å delta fysisk berre ein av dagane er avgifta på kr 750,-. Plenumssesjonane vil bli strøyma.
Påmeldingsfrist: 1. september
Avmeldingsfrist: 4. september
Pris for å delta fysisk begge dagar er kr 1500,-