Søkjarseminar for Program for kunstnerisk utviklingsarbeid

Diku lyser i juni ut omlag 20 millionar kroner i prosjektmidlar til kunstnerisk utviklingsarbeid gjennom Program for kunstnerisk utviklingsarbeid. Bli med på søkjarseminar!

Program for kunstnerisk utviklingsarbeid arbeider for at universitet og høgskular skal utføre kunstnerisk utviklingsarbeid på høgt nivå og med nasjonal og internasjonal fagleg relevans.  

Les utlysninga her

Norske universitet og høgskular kan søkje om midlar. Søknaden kan inkludere andre partnerar, så lenge den norske utdanningsinstitusjonen er prosjekteigar. Alle søknader vert fagfellevurderte, og tildeling vert gjort av styret i Program for kunstnerisk utviklingsarbeid i mars 2020.  

Seminaret blir streama og vil vera tilgjengeleg på nett. 

Språk: Norsk 

Målgruppe: Potensielle prosjektkoordinatorar, prosjekteigarar, fagleg og administrativt tilsette ved universitet og høgskular som arbeider med kunstnerisk utviklingsarbeid

Program: 
09.45 Kaffi og registering 
10.00 Velkommen – ved styreleiar Inger Stray Lien og fagdirektør Geir Strøm 
10.10 Om Program for kunstnerisk utviklingsarbeid: formål og tidlegare tildelingar - ved fagdirektør Geir Strøm 
10.30 Om årets utlysing: kva er nytt? - ved styreleiar Inger Stray Lien 
10.40 Erfaringsutveksling frå søkjar og innsikt i pågåande prosjekt
11.10 Dette skil gode prosjekt og søknader frå mindre gode: om fagfellevurderinga, kriterium og refleksjonar frå vurderingsprosessen
11.30 Praktiske spørsmål: Budsjett, søknadsskjema, påkravde vedlegg med meir – ved fagdirektør Geir Strøm 
12.00 Spørsmålsrunde 
12.30 Servering av lunsj, med moglegheit for samtale med foredragshaldarane 

Påmeldingsfrist:
Tid:
Fra: 5. sep. 2019 10:00
Til: 5. sep. 2019 12:30
Spørsmål?
Send en e-post til
linda.lien@diku.no