Mobilitet i høgare utdanning for studentar og tilsette (2021 - 2027)

Administrasjonsmidlar (OS-midlar)

Korleis administrasjonsmidlane kan bli brukt

Institusjonar som deltek i Erasmus+ KA131 og KA171 får tildelt administrasjonsmidlar til gjennomføringa av mobilitetsprosjekta. Denne støtta kallast Organisational support (OS).

Kvar enkelt institusjon kan i stor grad sjølv bestemma korleis OS-midlane blir brukte. Dei må likevel brukast til aktivitetar som er relaterte til Erasmus+ mobilitet og som er i tråd med Europakommisjonens reglar som er beskrivne i kontrakten mellom HK-dir og institusjonen, og Erasmus+ Programguide.

Administrasjonsmidlane er eit bidrag til å dekkja kostnader som institusjonen har i samband med organiseringa av mobilitetsprosjekta slik at dei kan møta kvalitetskrava i ECHE. Ei liste med aktivitetsdøme finst i programguiden, og her er nokon:

  • Møte med partnarinstitusjonar, inkl. besøk, for inngåing og oppdatering av avtalane til institusjon (inter-institutional agreement)
  • Oppdatering av kurskatalog for internasjonale studentar
  • Informasjon og hjelp til studentar og tilsette
  • Førebuing av læringsavtalar for å sikra full godkjenning
  • Språk- og interkulturell førebuing til inn- og utreisande studentar og tilsette. Dette gjeld språk som Europakommisjonen ikkje tilbyr online (OLS).
  • Dekkja utgifter til forsikringar og visum for studentar og tilsette
  • Implementering av European Student Card Initiative (ESCI)
  • Fremme og administrere blanda og/eller internasjonal mobilitet

For KA131 kan opptil 100 % av OS-midlane brukast til å finansiera student- eller tilsettmobilitet (Sjå kontrakt mellom HK-dir og institusjon, første del). . 

Berekning av administrasjonsmidlar

OS-midlane blir tildelte ut frå kor mange deltakarar (studentar og tilsette) den aktuelle institusjonen har sendt på mobilitetsopphald.

Satsane OS-midlane blir berekna ut frå er desse (gjeld KA131):

  • € 400 per deltakar opp til 100 deltakarar
  • € 230 per deltakar utover dei første 100 deltakarane 

For KA171-prosjekt mottar institusjonen € 500 per deltakar.

Når OS-midlane skal bereknast, blir det tekne utgangspunkt i talet på gjennomførde mobilitetsopphald frå siste godkjende sluttrapport. 

Når institusjonane skal sluttrapportere på eit mobilitetsprosjekt, gjennomgår HK-dir alle mobilitetsopphalda i prosjektet og godkjenner/unnerkjenner desse.

Dersom det viser seg at institusjonen ikkje har klart å senda ut like mange studentar og/eller tilsette som OS-tildelinga var basert på, vil institusjonane bli bede om å betala tilbake delar av OS-tildelinga. Det er likevel tillate med inntil 10 % avvik utan at ei tilbakebetaling er påkravd.

OS-tildelinga vil ikkje aukast utover den opphavlege tildelinga, sjølv om institusjonen har gjennomført fleire mobilitetsopphald enn kva tildelinga var basert på. Dersom ingen mobilitetsaktivitetar blir gjennomførte, må alle OS-midla betalast tilbake.