Mobilitet i høgare utdanning for studentar og tilsette (2021 - 2027)

Blanda intensivprogram (BIP)

Blanda intensivprogram (BIP)

Blanda intensivprogram (BIP) er nytt for inneverande programperiode og er korte intensivprogram som nyttar nye måter å lære og undervise på. Disse blanda intensivprogramma gjer det mogleg for høgare utdanningsinstitusjonar å gå samen for å utvikle felles læreplanar og aktivitetar for blanda mobilitet retta mot studentar og tilsette. 

Ei BIP kombinerer ei kortare fysisk mobilitet med ei obligatorisk virtuell komponent som kan være før, under eller etter den fysiske mobiliteten. Den fysiske mobiliteten skal ha ei varigheit på 5-30 dagar, mens det ikkje er et krav til varigheit på den virtuelle komponenten. Imidlertid skal BIPen til samen gi studentane minimum 3 ECTS. 

Institusjonane får administrasjonsmidlar for å utvikle og gjennomføre programmet. Det er koordinerande institusjon som søkar om, og mottar administrasjonsstønaden. Det krevs deltaking frå minst tre høgare utdanningsinstitusjonar frå minst tre programland. Det er også et krav om minimum 15 deltakare, der de 15 deltakarane må dra på en fysisk mobilitet, der deltakarane frå vertslandet ikkje telles med. De 15 deltakarane må også delta aktivt i læringa i BIPen, dette byr at lærare som reiser ned ikkje teller mot kravet på 15. 

Deltakarane som deltar på BIP får stipend frå sin sendarinstitusjon. 

Partnarane kan formalisere BIP-samarbeidet sitt gjennom en multilateral interinstitusjonell avtale, dersom partane ønsker det. Når institusjonane begynner å fornye sine interinstitusjonelle avtalar digitalt via Erasmus Without Papers, vil mobiliteten til studentar for BIP bli inkludert i studiemobiliteten dekket av disse IIAene. 

Ofte stilte spørsmål

Spørsmål: Kven signerer læringsavtalar (learning agreements), IIAs og utstedar karakterutskrift (transcripts) for BIPen?

Svar: Mottakarinstitusjonen, enten det er koordinerande institusjon eller ikkje, skal alltid være den som signerer IIAs, læringsavtalar og mobilitetsavtalar, samt utstedar karakterutskrift (transcript of records) eller stadfesting av nærvær (confirmation of stay ol.). 

Kan ein innreisande student bli sendt til eit anna land av sin mottakinstitusjon for å delta i ei BIP eller anna korttidsmobilitet? 

Ein student kan ikkje bli sendt på ei anna mobilitet for å ta del i ei BIP av sin mottakarinstitusjon. Dersom studenten ønsker å delta i ei BIP som er organisert i eit anna land må heimeinstitusjonen sende studenten på dette BIP opphaldet separat. 

Kva skjer dersom ei BIP ikkje har 15 deltakarar?

Minimum tal på deltakarar skal alltid være 15. Om nokre av deltakarane må delta virtuelt grunna «force majeure» kan koordinerande HEI framleis motta BIP-OS. Dersom BIP’en ikkje har nok deltakarar er ikkje BIP’en kvalifisert for stønad. Vidare er det ikkje mogleg for ei BIP å finne stad to gonger i løpet av same prosjekt for å oppfylle kravet om 15 deltakarar. Dei minimum 15 deltakarane skal være fysisk tilstede i same arrangement. 

Kor mange år kan ei BIP være?

Stønaden til den aktuelle BIP’en gjeld hele den aktuelle prosjektperioden, og ein kan få stønad til same BIP bare éin gong per prosjekt/utlysing (call). Det er likevel mogleg å søke stønad på nytt til same BIP i ny utlysing. 

Er det mogleg å arrangere ei BIP der nokre av studentane kun deltar på den virtuelle delen?

Det er mogleg for studentar å kun delta på den virtuelle delen, men disse vil ikkje motta stipend då og heller ikkje telje mot kravet om 15 deltakarar då dei ikkje flyttar på seg. 

Skal ei BIP registrerast formelt og deltakarane få ei karakterutskrift (transcript of records), eller er det nok å sende ut attestar?

Ifølge ECHE skal alle ECTS som er oppnådd gjennom Erasmus+, inkludert blanda mobilitet, fullt og automatisk bli stadfesta gjennom «transcript of records/traineeship certificate». Disse skal bli overført til studenten, og telle mot studentens grad utan ekstra arbeid.