Mobilitet i høgare utdanning for studentar og tilsette (2021 - 2027)

Internasjonal dimensjon i KA131

Erasmus+ skil ofte mellom tre kategoriar deltakarland: 

  1. EUs medlemsland, også kalla programland
  2. Tredjeland knytte til Erasmus+-programmet, også kalla programland (som t.d. Noreg)
  3. Tredjeland som ikkje er knytte til Erasmus+-programmet, også kalla partnarland (resten av verda)

I programperioden 2021 – 2027 er det i KA131 mogleg å sende studentar og tilsette til partnarland gjennom den såkalla "internasjonale dimensjonen". 

Den internasjonale dimensjonen i KA131 gjeld berre for utreisande studentar og tilsette, og opptil 20 prosent av prosjektets totale budsjett (siste tildelte budsjett) kan brukast til å finansiera desse aktivitetane.

Den internasjonale dimensjonen kjem i tillegg til KA171, og som vanleg er det mogleg å ha KA131- og KA171-prosjekt samtidig.

Den internasjonale dimensjonen i KA131 har mål om å vere berekraftig, dvs. langsiktig og stabilt, og i mindre grad vere avhengig av konkurranseutsette midlar, slik som vi ser i KA171. Tiltaket og midlane skal vere enkle og fleksible i bruk, og vera ein måte for nykommarar, mindre institusjonar og institusjonar som ikkje har KA171-prosjekter, til å bli meir internasjonale og styrkje sin eigen internasjonaliseringsstrategi.

Ved registrering av mobilitetar til partnarland i Beneficiary Module, må de kryssa av i boksen som heiter «International Mobility activity».