Mobilitet i høgare utdanning for studentar og tilsette (2021 - 2027)

Praksismobilitet

Om praksismobilitet

Om praksismobilitet

Gjennom Erasmus+ har norske studentar moglegheit til å reise på praksisopphald til land både i og utanfor Europa. 
Praksismobilitet er mogleg både innanfor Individuell mobilitet i høgare utdanning (KA131) og Global mobilitet (KA171). 

Det er et mål å auke bruk av praksismobilitet, jamfør Strategi for norsk deltaking i Erasmus+ og Det Europeiske utdanningsområdet lansert i 2021. Det er ei positiv utvikling i bruk av praksismobilitet blant utreisande studentar, men framleis presterer Noreg svakt jamført med andre land, og praksismobilitet har framleis eit uforløyst potensial i Noreg. 

Praksismobilitet rapporteres på vanlig måte i Beneficary Module, men Activity Type markeres som praksismobilitet.

Blanda mobilitet

Blanda mobilitet kombinerer fysisk mobilitet med ein virtuell læringskomponent før, under og/eller etter den fysiske mobiliteten. Den virtuelle delen kan kombinerast med langtidsmobilitet (over 2 månader), men kan òg kombinerast med kortare fysisk mobilitet. Ved korttidsmobilitet er den virtuelle komponenten obligatorisk (det er unntak for doktorgradsstudentar, som kan ha korttidsopphald utan ein virtuell komponent).

For studentar gjeld følgjande minimumsvarigheit på det fysiske opphaldet:

  • Kortids fysisk mobilitet (studiar og praksis): 5 dagar
  • Langtids fysisk mobilitet (studiar og praksis): 60 dagar

Krav til deltaking og tillatne aktivitetar

Varigheit

Praksisopphald ved ei bedrift eller organisasjon på inntil 12 månader per studienivå (bachelorgradsnivå, mastergradsnivå og doktorgradsnivå). Praksisopphaldet kan og gjennomførast i løpet av det fyste året etter fullført grad.

  • Varigheit langtidsmobilitet: 2 til 12 månader. 
  • Varigheit korttidsmobilitet (doktorgradskandidater og blanda mobilitet): 5 til 30 dagar. 

Merk: 2 månader svarar til 60 kalenderdagar, men unntak av utvekslingsopphald som har blitt gjennomført i februar og derfor er på 58 eller 59 dagar. HK-dir godkjenner altså ikkje opphald på 58 eller 59 dagar, dersom dei har blitt gjennomført på andre tidspunkt i året. 

Kven kan dra på utveksling?

Studentar på gradsstudiar (bachelor, master, doktorgrad). Det er og mogleg å reise i løpet av første året etter avslutta grad så lenge praksisopphaldet er avtalt før graden er avslutta.

Kor kan praksisutvekslinga gjennomførast? 

Bedrifter, organisasjonar, institusjonar, ambassadar og faste delegasjonar til EU-land, Island, Liechtenstein, Nord- Makedonia eller Tyrkia, samt partnarland for prosjekt under Global mobilitet KA171. Unntak er EU-institusjonar og nasjonalkontor for Erasmus+.

Sjå PG22 s. 51 (inkludert fotnote 38) for meir detaljar. 

Forsikring for studentar på praksisopphald

Det er viktig at studentar og praktikantar er forsvarleg forsikra under deira opphald. Retningslinjene i Erasmus+ programmet i denne samanheng er at studentane må ha tilstrekkeleg forsikringsdekning, og det er obligatorisk å inkludere organiseringa av denne i stipendavtalen med studenten. 

I tillegg til helseforsikring, må praktikanten ha ulykkesforsikring og ansvarsforsikring. Studenten kan forsikrast av sendarinstitusjonen, bedrifta/organisasjonen vedkommande skal ha praksis i, eller ved å tekne eigne forsikringar. Dersom verken studenten eller praksisplasstilbydaren er i stand til å skaffe ulykkes- og ansvarsforsikring tilrår HK-dir at sendarinstitusjonen ikkje lar studenten reise på praksisopphaldet. Institusjonane kan nytte OS-midlar til å dekkje forsikringskostnader dersom forsikring ikkje blir dekka av mottakarinstitusjon. 

Dei fleste forsikringsselskap har forsikring for studentar som er på utanlandsopphald, men ansvarsforsikring i samband med arbeid er sjeldan inkludert i desse. I nokre tilfelle dekkjer bedrifta/arbeidsplassen ansvarsforsikring for studenten, men det er då viktig at studenten sjekkar om det er tilstrekkeleg. 

Eksemplar på forsikringar som inkluderer ulykkes- og ansvarsforsikring for nokre praksistypar:

  • ANSA sin studentforsikring tilbyr ulykkes- og ansvarsforsikring for praksisarbeid. Forsikringa kan og nyttas av studentar på praksisopphald etter fullført grad. 
  • Norsk Sykepleierforening (NSF) tilbyr ansvarsforsikring for sine studentmedlemmer

Kombinert studie- og praksisopphald

For kombinasjonsopphald må det gjerast endringar i stipendavtalen for studiar eller praksis, slik at det blir tydeleg at den gjeld for eit kombinasjonsopphald, og slik at informasjonen som ulykkes- og ansvarsforsikring frå praksisavtalen kjem med. Det må og lagast ei tilpassa læringsavtale («learning agreement») som sørger for at innhaldet i både studiedelen og praksisdelen av utvekslingsopphaldet inkluderast og avtalefestast. 

Det er sendarinstitusjonen som avgjer korleis det kombinerte utvekslingsopphaldet skal leggjast opp, og korleis fordelinga mellom vanlege studiar og praksis skal vere for at sendarinstitusjonen skal kunne godkjenne opphaldet. Dei vanlege krava til praksisopphald gjeld (kor studenten kan være i praksis og liknande). 

Praksisopphald etter fullført grad

Studentar som ønskjer å gjennomføre praksisopphald etter fullført grad («recent graduate») skal avtale dette med heiminstitusjonen i løpet av sitt siste studieår, og praksisopphaldet må gjennomførast innan 12 månader etter at graden er avslutta. Den høgare utdanningsinstitusjonen kan velje bort moglegheita til å tilby praksisopphald etter fullført grad. Praksisopphald etter fullført grad reknast med som eit utvekslingsopphald innan det studienivået som studenten nyleg fullførte ein grad i, og blir talt med i dei 12 månadene ein student kan være på Erasmus-utveksling per studienivå. 

Praksisopphald etter fullført grad kan godkjennast ved å førast på vitnemål eller Diploma Supplement, men dette er ikkje eit krav. Godkjenning av slike praksisopphald kan og godkjennast av heiminstitusjonen gjennom utfylling av «Europass Mobility Document» eller andre stadfestingar. Det er viktig at studenten får god og tydeleg dokumentasjon på gjennomført praksis dersom opphaldet ikkje dokumenterast på vitnemål eller Diploma Supplement. 

Praksisavtalen fyllast ut på vanleg måte. 

Institusjonen må sjølv vurdere korleis desse studentane best kan registrerast og handterast reint praktisk. Ein måte å registrere dei på er å opprette ei poststudierett eller annan type eittårig studierett for studenten når studieretten på gradsprogrammet går ut. Deretter registrerast det i FS at studenten er på praksisopphald i den aktuelle perioden. Vi anbefaler og at utdanningsinstitusjonane avklarar internt kven som har oppfølgingsansvar for praktikantar som reiser ut etter fullført grad – om det er internasjonalt kontor eller fakultetet/instituttet praktikanten avla graden ved. 

Læringsavtale ("learning agreement")

Dersom det blir laga ein kontrakt eller arbeidsskildring med arbeidsplassen i tillegg til læringsavtalen, bør dette visast til i læringsavtalen. 

Informasjonen som blir etterspurt i læringsavtalen er å rekne som eit minimum, og ein kan be om ytterlegare informasjon ved behov. Det er mogleg å tilpasse praksisavtalen til eige behov, til dømes tilpassing av skrifttypar, skriftsstorleik, fargebruk og størrelse på tekstboksar. 

Frå og med 31.12.2022 skal alle læringsavtalar utvekslast digitalt. Les meir om tidsfristen og digitaliseringa av Erasmus+ i Erasmuhandboka si side om "European Student Card Initiative".

Godkjenning og dokumentasjon av praksisopphald

Vitnemålstillegg (Diploma Supplement) og studiepoeng/ECTS

Praksisopphaldet skal dokumenterast i vitnemålstillegget («Diploma Supplement») – i tillegg tilrår HK-dir at det blir gitt studiepoeng/ECTS. Som eit haldepunkt kan det brukast 1,5 ECTS per arbeidsveke (20 jobbveker = 30 ECTS), men det kan vere grunn til anna utrekning.

Vitnemålstillegg (Diploma Supplement)

Godkjenning ved ei beskriving i vitnemålstillegget. Det kan vere ulike årsaker til at dette kan vere rett godkjenningsdokumentasjon, til dømes

  • Praksisopphaldet er ei uspesifisert del av ein større modul i eit master- eller bachelorprogram, og ikkje er målbart i forhald til antal ECTS
  • Viss praksisopphaldet ikkje er innlemma i studieprogrammet, til dømes i løpet av sommaren eller etter avslutta grad
  • I andre tilfelle der opphaldet ikkje er målbart i ECTS

Praksisopphald som gjennomførast etter endt grad

Godkjenning kan anten bli gitt på same måten som for praksis som skal inngå i graden, eller ved at heimeinstitusjonen stadfestar praksisopphaldet ved å fylle ut og signere Europass Mobility Document. 

Deltakarrapport: studie- og praksismobilitet

Etter at utvekslingsopphaldet er avslutta og sluttdato for opphaldet er passert, skal deltakarane levere ein elektronisk rapport frå opphaldet. Lenkje til den elektroniske rapporten som deltakarane skal fylle ut, blir sendt på e-post direkte frå Beneficiary Module.

Data frå deltakarrapportane blir generert og inngår som ein del av sluttrapporten ("Final Beneficiary Report") til både sendar- og mottakarinstitusjonen. 

Forlenging av studieopphald: studie- og praksismobilitet

Senderinstitusjonen kan forlengje opphaldet viss mottakarinstitusjon/praksisplassen er einig, og når følgande forhold er oppfylt: 

  • Det er inngått avtale om forlenging før den opphavlege sluttdatoen for utvekslingsopphaldet er passert
  • Forlenginga følgjer straks etter noverande mobilitetsperiode. Det kan ikkje vere opphald mellom den opphavlege perioden og forlenginga. Dette gjeld ikkje for feriar og periodar kor mottakarinstitusjonen er stengt. Viss det er opphald mellom periodane skal det grunngjevast av sendarinstitusjonen og godkjennast av HK-dir.
  • Forlenginga skal avtalast skriftleg av alle partar

Ingen mobilitetsperiodar kan forlengast ut over ein total varigheit på 12 månadar per utdanningsnivå.

Avbrote mobilitetsopphald: studie- og praksismobilitet

Nokre gonger oppstår det situasjonar som gjer at studenten må eller vel å avbryte utvekslingsopphaldet før den planlagde sluttdatoen.

Korleis slike situasjonar skal handterast, avhenger av når i det planlagde opphaldet avbrotet skjer og kva årsaka er til at studenten avbryt opphaldet. Les meir om dette i «Annex III Financial and contractual rules».

Varigheitsdifferanse på fem dagar eller mindre

Eit avvik på opp til fem dagar i mobilitetsperioden sin varigheit er tillat for studie- og praksismobilitet, så lenge minimumslengda på det aktuelle mobilitetsopphaldet er oppnådd. Dersom differansen mellom den bekrefta mobilitetsperioden og den planlagde mobilitetsperioden som stipendsummen er utrekna etter, er på fem dagar eller færre, er det ikkje naudsynt å justere mobilitetsperioden i «Beneficiary Module» og gjennomføre en ny utrekning av stipendet. Avviket får med andre ord ingen betydning for studenten eller stipendet. Dersom eit avvik på fem eller færre dagar gjer at minimumslengda på opphaldet ikkje blir oppfylt, skal saka handterast som eit avbrot før minimumslengda på eit opphald er oppnådd (sjå avsnitt legre ned på denne sida).

Varigheitsdifferanse på meir enn fem dagar

Avbrot etter at minimumslengda på et opphald er oppnådd

Dersom ein student avbryt utvekslingsopphaldet sitt før den planlagde sluttdatoen, men etter at studieopphaldet har vart i minimumslengda, vil studenten behalde stipendet for den perioden vedkommande var på utveksling. 

Når utvekslingsopphaldet blir avbrote, gjer institusjonen endringar i den registrerte mobilitetsperioden i «Beneficary Module» og reknar stipendet ut på nytt slik at summen reknast ut etter den faktiske lengda på utvekslingsopphaldet. Den nye, endelege utrekninga av stipendet fører til eit av følgande to scenario for studenten: 

  • Dersom studenten har fått utbetalt en høgare sum enn summen for det endelege stipendutrekninga ved utvekslingsoppholdets start, må studenten betale tilbake differansen mellom det endelege stipendet og det forhandsutbetalte stipendet for den opphavlege utrekninga.
  • Dersom studenten har fått utbetalt mindre enn eller ein lik sum som for det endelege stipendutrekninga, får studenten enten utbetalt dei resterande stipendmidlane eller ingen ny utbetaling.
Avbrot før minimumslengda på eit opphald er oppnådd

Dersom studenten avbryt utvekslingsopphaldet før minimumsvarigheita på opphaldet er oppnådd, vil årsaka til avbrotet være avgjerande for kva utfall saka får.

Dersom årsaka til avbrotet kan reknast som eit tilfelle av «force majeure», kan studenten få behalde heile eller deler av stipendet. Det er HK-dir som vurderer om ei hending kan reknast som «force majeure», så ta kontakt med oss så raskt som mogleg dersom de har ei sak som kanskje kan vere «force majeure». 

Dersom årsaka til avbrotet ikkje kan reknast som eit tilfelle av «force majeure», skal studenten betale tilbake heile det utbetalte stipendet, og for dei dagane studenten var ute. Årsaker til at studentane avbryt opphaldet sitt kan vere så mangt; heimlengsel, tilbod om jobb, dei ombestemmer seg, osb. Det er derfor viktig at de forbereder studentane godt på utanlandsopphaldet, slik at sjansen for avbrot blir minst mogleg. Dersom ein student likevel ønsker å avbryte opphaldet, er det viktig at de informerer studenten tydeleg om konsekvensane og prøver å finne fram til gode løysingar for alle partar.

Send e-post til oss dersom det oppstår situasjonar som det er uklart korleis de skal handtere.

Erasmus Student Charter

"Erasmus Student Charter" gjev informasjon om Erasmus+-studenten sine rettar og plikter.

Norsk institusjon må informere studentane om innhaldet i studentcharteret. De må og gje studentane eit charter som vedlegg til læringsavtalen før mobilitetsperioden startar.