Mobilitet i høgare utdanning for studentar og tilsette (2021 - 2027)

Studiemobilitet

Krav til deltaking og tillatne aktivitetar

Gjennom Erasmus+ får norske studentar høve til å reise på studieopphald til utanlandske lærestader, og internasjonale studentar får høve til å studere ved norske universitetet og høgskular.

Formelle krav

For å delta i Erasmus+ må studenten

  • vere registrert ved ein norsk institusjon som har eit «Erasmus Charter for Higher Education», forkorta ECHE
  • vere registrert på eit gradstudium, anten på bachelornivå, masternivå eller doktorgradsnivå

Deltidsstudentar kan og delta i Erasmus+-programmet.

Lengde på opphaldet

Studieopphald ved ein partnarinstitusjon på inntil 12 månader per studienivå (bachelorgradsnivå, mastergradsnivå og doktorgradsnivå). Studentar kan reise ut frå fyste studieår.

  • Lengde langtidsmobilitet: 2 til 12 månader
  • Lengde korttidsmobilitet (doktorgradskandidatar og blanda mobilitet): 5 til 30 dagar

Merk: 2 månader svarar til 60 kalenderdagar, men unntak av utvekslingsopphald som har blitt gjennomført i februar og derfor er på 58 eller 59 dagar. HK-dir godkjenner altså ikkje opphald på 58 eller 59 dagar, viss dei har blitt gjennomført på andre tidspunkt av året.

Kriteria for utveljing

Institusjonane står fritt til å setje kriteria for utveljing  av Erasmus+-studentar så lenge desse er i tråd med krava i Erasmus+-programmet, og elles er rettferdige. De må gjere kriteria  synlege og tilgjengelege for potensielle deltakarar i forkant av søknadsrunden. 

Eksempel på legitime utveljingskriterium kan vere karaktersnitt, studieprogresjon, motivasjon og tidlegare deltaking i Erasmus+.

Studiar og feltarbeid som del av grad

Stipend kan delast ut til studentar på bachelornivå, masternivå og doktorgradsnivå. Studentane kan følgje alle typar undervisning, inkludert arbeid med oppgåver, datainnsamling, feltarbeid («thesis preparations») som inngår i graden studenten tek. Forskingsaktivitetar som ikkje spesifikt er del av ein studieplan eller emneplan er ikkje tillat. 

Fleire Erasmus+-mobilitetsopphald

Studenten sitt  mobilitetsopphald kan vare i inntil 12 månader på kvart gradsnivå: bachelorgradsnivå, mastergradsnivå og doktorgradsnivå. 

Det er mogleg å dele dei 12 månadene  opp i fleire mobilitetsopphald, men kvar mobilitetsperiode må oppfylle kravet til minimumslengde for dei ulike utvekslingstypane og eventuelle andre gjeldande kriterium. Studentane kan altså ha mange enkeltståande mobilitetsopphald, men desse kan ikkje ha ei total lengde ut over 12 månader per studienivå.

To eller fleire mobilitetssopphald same år (for eksempel eit opphald på 8 månader og eit på 3 månader) skal rapporterast som separate mobilitetar. Praksisopphald etter fullført grad skal teljast saman med eventuelle andre utvekslingsopphald studenten har frå det studienivået studenten har avslutta graden sin innanfor. 

Kan studenten ta imot to Erasmus+-stipend samtidig?

Studentane kan ikkje ta imot Erasmus+-stipend for både studieopphald og praksisopphald samtidig. Dette blir rekna som dobbeltfinansiering. Studentane kan ta imot stipend for studieopphald og praksisopphald same semester, så lenge opphalda ikkje overlappar.

Blanda mobilitet

Blanda mobilitet kombinerer fysisk mobilitet med ein virtuell læringskomponent før, under og/eller etter den fysiske mobiliteten. Den virtuelle delen kan kombinerast med langtidsmobilitet (over 2 månader), men kan og kombinerast med kortare fysisk mobilitet. Ved korttidsmobilitet er den virtuelle komponenten obligatorisk (det er unntak for doktorgradsstudentar, som kan ha korttidsopphald utan ein virtuell komponent).

For studentar gjeld følgjande minimumsvarigheit på det fysiske opphaldet:

  • Fysisk kortidsmobilitet (studiar og praksis): 5 dagar
  • Fysisk langtidsmobilitet (studiar og praksis): 60 dagar

Læringsavtale ("Learning Agreement")

Før utvekslingsopphaldet startar, skal studenten, senderinstitusjonen og mottakarinstitusjonen signere ein læringsavtale («Learning Agreement»).

Frå og med 31.12.2022 skal alle læringsavtalar utvekslast digitalt. Les meir om tidsfristen og digitaliseringa av Erasmus+ i Erasmushandboka si side om "European Student Card Initiative".

Forlenging av studieopphaldet: studie- og praksismobilitet

Senderinstitusjonen kan forlenge opphaldet dersom mottakarinstitusjon/praksisplassen er einig, og når følgjande forhold er oppfylte: 

  • Det er inngått avtale om forlenging før den opphavlege sluttdatoen for utvekslingsopphaldet er passert
  • Forlenginga følgjer straks etter noverande mobilitetsperiode. Det kan ikkje vere opphald mellom den opphavlege perioden og forlenginga. Dette gjeld ikkje for feriar og periodar kor mottakarinstitusjonen er stengt. Dersom det er opphald mellom periodane, skal det grunngjevast av sendarinstitusjonen og godkjennast av oss i HK-dir. 
  • Forlenginga skal avtalast skriftleg av alle partar

Ingen mobilitetsperiodar kan forlengast ut over ein total lengde på 12 månadar per utdanningsnivå.

 

 

Avbrote mobilitetsopphald: studie- og praksismobilitet

Nokre gonger oppstår det situasjonar som gjer at studenten må eller vel å avbryte utvekslingsopphaldet før den planlagde sluttdatoen.

Korleis slike situasjonar skal handterast, avheng av når i det planlagde opphaldet avbrotet skjer og kva som er årsaka til at studenten avbryt opphaldet. De kan lese  meir om dette i kontraktens «Annex III Financial and contractual rules».

Kva når lengda på opphaldet avviker frå den opphavelege planen?

Eit avvik på opp til fem dagar i lengda på mobilitetsperioden er tillate for studie- og praksismobilitet, så lenge minimumslengda på det aktuelle mobilitetsopphaldet er oppnådd. Dersom differansen mellom den stadfesta mobilitetsperioden og den planlagde mobilitetsperioden som stipendsummen er utrekna etter, er på fem dagar eller mindre er det ikkje naudsynt å justere mobilitetsperioden i «Beneficiary Module» og gjennomføre ei ny utrekning av stipendet. Avviket får med andre ord inga tyding for studenten eller stipendet. 

Dersom eit avvik på fem eller færre dagar gjer at minimumslengda på opphaldet ikkje blir oppfylt, skal saka handterast som eit avbrot før minimumslengda på eit opphald er oppnådd (sjå avsnitt lengre nede på denne sida).

Avbrot etter at minimumslengda på et opphald er oppnådd

Dersom ein student avbryt mobilitetsopphaldet sitt før den planlagde sluttdatoen, men etter at studieopphaldet har vart i minimumslengda, vil studenten likevel få stipendet for den perioden vedkommande var på utveksling.

Når utvekslingsopphaldet blir avbrote, gjer institusjonen endringar i den registrerte mobilitetsperioden i «Beneficary Module» og reknar stipendet ut på nytt, slik at summen blir rekna ut etter den faktiske lengda på utvekslingsopphaldet. Den nye, endelege utrekninga av stipendet fører til eit av følgande to scenario for studenten: 

Dersom studenten har fått utbetalt ein høgare sum enn summen for det endelege stipendutrekninga ved utvekslingsoppholdet sin start, må studenten betale tilbake differansen mellom det endelege stipendet og det førehandsutbetalte stipendet for den opphavlege utrekninga.

Dersom studenten har fått utbetalt mindre enn eller ein lik sum som for den endelege stipendutrekninga, får studenten anten utbetalt dei resterande stipendmidlane eller inga ny utbetaling.

Avbrot før minimumslengda på eit opphald er oppnådd

Dersom studenten avbryt utvekslingsopphaldet før minimumslengda på opphaldet er oppnådd, vil årsaka til avbrotet vere avgjerande for kva utfall saka får.

Dersom årsaka til avbrotet kan reknast som eit tilfelle av «force majeure», kan studenten behalde heile eller deler av stipendet. Det er HK-dir som vurderer om ei hending kan reknast som «force majeure», så ta kontakt med oss så raskt som mogleg dersom de har ei sak som kanskje kan vere «force majeure». 

Dersom årsaka til avbrotet ikkje kan reknast som eit tilfelle av «force majeure», skal studenten betale tilbake heile det utbetalte stipendet, også for dei dagane studenten var ute. Årsaker til at studentane avbryt opphaldet sitt kan vere så mangt; heimlengsel, tilbod om jobb, dei ombestemmer seg, osb. Det er derfor viktig at de førebur studentane godt på utanlandsopphaldet, slik at sjansen for avbrot blir minst mogleg. Dersom ein student likevel ønskjer å avbryte opphaldet, er det viktig at de informerer studenten tydeleg om konsekvensane og prøver å finne fram til gode løysingar for alle partar.

Send e-post til oss dersom det oppstår situasjonar som det er uklart korleis de skal handtere.

 

Studieavgifter

Studentane skal ikkje betale avgift for rettleiing, registrering, eksamenar, tilgang til laboratorium og bibliotek, o.l. Mottakarinstitusjonen kan likevel krevje at studenten betaler små avgifter som også lokale studentar må betale, som medlemsavgift i studentforeiningar, kopiering, bruk av laboratorieprodukt, o.l. 

Senderinstitusjonen skal ikkje be om betaling frå utreisande studentar for tenester knytt til organisering eller administrasjon av Erasmus+-mobilitetsperioden.

Institusjonen skal straks gje beskjed til HK-dir dersom ein Erasmus+-samarbeidspartner krev studieavgift eller betaling for tenester knytt til organisering eller administrasjon av Erasmus+-opphaldet.

Godkjenning av studieopphaldet

Institusjonane skal godkjenne mobilitetsoppholda i samsvar med prinsippa i ECHE og i læringsavtalen med studenten.

Førehandsgodkjenning

Gjennom Erasmus+ studiemobilitet er det berre tillate at studentane reiser ut for å gjennomføre studieopphald som kan godkjennast som ein del av graden studenten studerer til. Sendarinstitusjonen skal gje studenten ei førehandsgodkjenning av det planlagde studieopplegget i utlandet, slik at studenten veit at emna kan godkjennast dersom det planlagde studieløpet blir følgt og emna blir bestått. Studentane skal også bli informert om korleis utanlandsstudiet vil bli godkjend og innpassa i graden til studenten. 

Endeleg godkjenning og innpass i grad

Når mobilitetsperioden er fullført på ein tilfredsstillande måte, skal mottakarinstitusjonen gje studenten karakterutskrift eller annan dokumentasjon på gjennomført utvekslingsopphald i samsvar med det som er avtalt i læringsavtalen.

Godkjenning av studiar på mottakarinstitusjonen kan berre haldast tilbake dersom studenten ikkje oppfyller sin del av avtalen som er inngått med sendar- og mottakarinstitusjon. I tilfelle der studenten ikkje oppnår alle planlagde ECTS, er det opp til senderinstitusjonen å vurdere om opphaldet skal rapporterast og om studenten skal få stipendet. 

Studieopphald som ikkje gjev studiepoeng frå mottakarinstitusjonen

Ofte avlegg studentane eksamen ved den utanlandske lærestaden og får ei karakterutskrift med eit visst tal studiepoeng som kan innpassast i studenten sin grad ved heimeinstitusjonen. Desse studiepoenga blir anten godkjend som tilsvarande obligatoriske emne i grada til studenten, eller som valfrie emne.

Det er og tillate at studenten reiser på utveksling for å følgje eit undervisningsopplegg som ikkje gjev studenten studiepoeng frå den utanlandske studiestaden. Eit eksempel på eit slikt opphald kan vere at ein student reiser på utveksling til ein lærestad og følgjer undervisning som blir godkjent som tilsvarande undervisningsdelen eller arbeidskravet til eit emne heime, og deretter avlegg studenten eksamen ved heimeinstitusjonen sin. Vi veit at dette blir gjort på ein del studieprogram kor studentane følgjer halv- eller heilårsmodular med ein avsluttande eksamen som utgjer 30 - 60 studiepoeng, kor utvekslinga utgjer ein del av modulundervisninga og slik blir godkjent som eit arbeidskrav. Prinsippa i ECHE skal framleis overhaldast, studentane skal få ein læringsavtale, og det skal førast på vitnemålet til studenten at vedkommande har vore på utveksling.

Dersom institusjonen er usikker på om eller korleis eit slikt opphald kan godkjennast, bør de kontakte oss i HK-dir.

Stadfesting av lengda på opphaldet

Lengda på opphaldet må dokumenterast for at det skal godkjennast og for at studenten skal få utbetalt siste del av stipendet. Datoane må anten stå på karakterutskrifta, i læringsavtalen eller i eit eige dokument (t.d. «Certificate of attendance»/«Confirmation of Erasmus period») som stadfestar lengda på opphaldet. Reisebevis, som ombordstigningskort til fly, eller tog- og bussbillettar, gjeld ikkje som dokumentasjon på lengda til opphaldet.

Avvik mellom faktisk lengde på studieopphaldet og avtalen

Om den stadfesta lengda på opphaldet er kortare enn den som er oppgitt i avtalen med studenten, og differansen er meir enn fem dagar, må «Beneficiary Module» oppdaterast i samsvar med korrekt opphaldslengde som angitt i karakterutskrift eller annan stadfesting på opphaldet. Dette gjeld for opphald over minimumslengde. Avbrot i løpet av opphaldet skal også registrerast i «Beneficiary Module». «Beneficiary Module» korrigerer stipendbeløpet basert på revidert opphaldsperiode.

Deltakarrapport: studie- og praksismobilitet

Etter at utvekslingsopphaldet er avslutta og sluttdato for opphaldet er passert, skal deltakarane levere ein elektronisk rapport frå opphaldet. Lenkje til den elektroniske rapporten som deltakarane skal fylle ut, blir sendt på e-post direkte frå Beneficiary Module.

Data frå deltakarrapportane blir generert og inngår som ein del av sluttrapporten ("Final Beneficiary Report") til både sendar- og mottakarinstitusjonen. 

 

Erasmus+ Student Charter

"Erasmus Student Charter" gjev informasjon om Erasmus+-studenten sine rettar og plikter.

Norsk institusjon må informere studentane om innhaldet i studentcharteret. De må og gje studentane eit charter som vedlegg til læringsavtalen før mobilitetsperioden startar.