Mobilitet i høgare utdanning for studentar og tilsette (2021 - 2027)

Tilsettmobilitet

Om tilsattmobilitet

Gjennom Erasmus+ kan tilsette reise på utvekslingsopphald for å undervise eller få opplæring.

Både vitskapelege tilsette og tilsette i teknisk-administrative stillingar kan få moglegheit til å reise på Erasmus+ tilsettutveksling. Det er mogleg for tilsette å reise på utveksling både innan europeisk og global mobilitet.

Tilsettmobiliteten skal bidra til å oppnå målsettingane i Erasmus+, EUs agenda for modernisering av høgare utdanning og institusjonanes internasjonale strategi nedfelt i Erasmus Policy Statement. Tilsettutveksling skal med andre ord bidra til noko meir utover den enkelte tilsetttes individuelle utbyte og karrièreutvekling.

 

Undervisningsopphald

Det er tillate med både inn- og utreisande undervisningsmobilitet

Individuell mobilitet i høgare utdanning

Deltakarar kan være:

  • Tilsette som jobbar ved ei norsk høgare utdanningsinstitusjon som har ECHE. Institusjonane må ha inngått ei avtale («inter intstitutional agreement») før mobiliteten finn stad, også dersom den tilsette skal dra til 3.partsland som ikkje er assosiert med programmet (den internasjonale dimensjonen). Hugs at det er ei eiga avtale for desse landa.
  • Tilsette i ei bedrift eller organisasjon som inviterast som gjesteundervisar ved den norske institusjonen. Det er da den norske mottakarinstitusjonen som inngår stipend- og læringsavtaler med den tilsette, og betalar ut stipendet. Dette er den einaste form for innreisande mobilitetsopphald som er tillaten i KA131. Norske institusjonar har ikkje anledning til å invitere inn og betale ut stipend til gjesteforelesarar frå utanlandske utdanningsinstitusjonar som har ECHE. Desse gjesteforelesarane må få stipend frå sin heiminstitusjon, og dei to institusjonane må ha inngått ei institusjonsavtale. 

Global mobilitet

Informasjon kommer

Uansett om det er snakk om innreisande eller utreisande undervisningsopphald, må deltakarane oppfylle krava under for at opphaldet skal kunne godkjennast.

Krav

Eit mobilitetsopphald for tilsette som skal undervise ved ei partnarinstitusjon kan strekke seg frå 2 dagar til 2 månader fysisk aktivitet for KA131, og frå 5 dagar til 2 månader for KA171. I tillegg kan sendarinstitusjonen leggje til ein reisedag i forkant og etterkant av opphaldet dersom den tilsette trenger det for å komme seg til partnarinstitusjonen. Ved grøn reise kan tilsette få opp til fire reisedagar i tillegg til dette, altså totalt seks dagar. Reisedagane kan ikkje reknast med for å fylle minstekravet til varigheit. 

Ved inviterte gjesteforelesare frå bedrifter/organisasjonar gjeld minimumskrav på 1 dag fysisk mobilitet. 

Den tilsette må ha minst 8 timars undervisning per uke (eller i en kortare periode enn ei uke). Dersom mobiliteten varer lenger enn ei uke, reknast tal på timer i den ufullstendige uka proporsjonalt med talet på dagar. Til dømes: Ein lærar er på vertsinstitusjonen i ei uke + 2 dagar. Personen skal da undervise i 8 timar + omtrent 3 timer, totalt 11 timar. 

Godkjende aktivitetar

Undervisning kan ha ulike former som til dømes seminar, førelesning og rettleiing. Undervisninga krev at læraren er fysisk til stades saman med studentane. Rettleiing på e-post eller anna form for fjernundervisning tel ikkje med i de 8 timane. Utdanningsinstitusjonane står fritt til å avgjerda kva type undervisning som skal finansierast gjennom Erasmus+. Innhaldet i mobilitetsavtalane må likevel vurderast med tanke på kvalitet og betydning for institusjonens strategi. 

Mobilitetsopphald som inkluderer helgedagar

Dersom ei tilsett reiser på eit godkjent mobilitetsopphald som gjer det naudsynt at opphaldet inkluderer helgedagar, bør den tilsette få stipend også for desse helgedagane. Dette fordi det vil være urimeleg å krevje at den tilsette skal finansiere helgedagane sjølv. Det vil likevel ikkje være naudsynt å krevje at det skal reknast undervisningstimar for dei aktuelle helgedagane. 

Opplæringsopphald

Erasmus+ opplæringsopphald («staff mobility for training») skal støtte opp om den profesjonelle utviklinga av institusjonens tilsette. 

Vitskapeleg og administrativt tilsette som har eit tilsetjingsforhold på ei norsk institusjon med ECHE kan delta i ordninga. Innafor Individuell mobilitet (KA131) er det berre utreisande opplæringsopphald som støttes. 

Opplæringsopphaldet kan være på ei anna høgre utdanningsinstitusjon eller ei anna bedrift eller organisasjon. Om opphaldet skal skje på ei høgre utdanningsinstitusjon som ligg i eit 3.partsland som ikkje er assosiert med programmet (tidlegare partnarland) må institusjonane ha inngått ei inter-institusjonell avtale (internasjonal IIA) før opphaldet finn stad. Dersom opphaldet skjer i ei bedrift/organisasjon (uavhengig av geografisk lokasjon) eller i ei høgre utdanningsinstitusjon i eit EU-land eller tredjeland assosiert med programmet (tidlegare programland) treng ein ikkje ei slik avtale. 

Krav

Eit mobilitetsopphald for tilsette som skal på opplæring kan strekke seg frå 2 dagar til 2 månader. I tillegg kan sendarinstitusjonen leggje til ein reisedag i forkant og etterkant av opphaldet dersom den tilsette trenger det for å komme seg til partnarinstitusjonen. Ved grøn reise kan tilsette få opp til fire reisedagar i tillegg til dette, altså totalt seks dagar. Reisedagane kan ikkje reknast med for å fylle minstekravet til varigheit.

Godkjende aktivitetar

Føremålet med opplæringsopphald er overføring av kunnskap, deling av god praksis, tileigning av praktiske kunnskapar og få nye idear til undervisning og læring – som videre kan delast internt ved heimeinstitusjonen. Det er også eit overordna mål at aktivitetane skal styrke internasjonaliseringsstrategien til institusjonen. Konferansar eller anna type arrangement som berre er dedikert til ei bestemd fagleg disiplin, kvalifiserer ikkje som opplæringsopphald. 

Følgjande aktivitetar er døme på aktivitetar som kan inngå i eit opplæringsopphald (lista er ikkje uttømmande): 

  • Jobbskygging
  • Observasjon
  • Workshop
  • Kurs
  • Seminar
  • Staff training weeks

Deltaking på større konferansar, som EAIE eller likande, er ikkje godkjende opplæringsopphald. Ein kan heller ikkje nytte stipendmidlane for at tilsette reiser til (nye) partnarinstitusjonar  for å opprette/vedlikehalde institusjonssamarbeid. OS-midlane kan nyttas til dette. 

Mobilitetsopphald som inkluderer helgedagar

Dersom ei tilsett reiser på eit godkjent mobilitetsopphald som gjer det naudsynt at opphaldet inkluderer helgedagar, bør den tilsette få stipend også for desse helgedagane. Dette fordi det vil være urimeleg å krevje at den tilsette skal finansiere helgedagane sjølv. Det vil likevel ikkje være naudsynt å krevje at det skal reknast undervisningstimar for dei aktuelle helgedagane. 

Kombinerte opphald

Tilsette kan reise på utvekslingsopphald som kombinerer undervisning og opplæring. Dei må da ha minst 4 timer undervisning per uke (eller i ei kortare periode enn ei uke). Informasjonen om innhaldet i opplæringsperioden førast inn i mobilitetsavtalen for undervisning. 

Når dette rapporteres i Beneficiary Module, rapporterer ein mobiliteten i som lærermobilitet, og velger «Combined Teaching and Training Mobility activity». Navn på organisasjonen som tilbyr opplæring, hvor den holder til, og varighet på opplæringen må skrives i feltet «Mobility Activity Comments».

Opphald ved fleire enn ei partnarinstitusjon

Tilsette kan i løpet av eit opphald besøke fleire institusjonar innafor same land.

Ved registrering i «Beneficiary Module» vel  ein ei av partnarane som «recieving institution» (hvis opphaldet er lenger hos ei av partnerane vel ein den institusjonen som har det lengste opphaldet). Bruk kommentarfeltet til å forklare korleis opphaldet er disponert mellom dei to gjeldande institusjonane.

Dersom den tilsette besøker to ulike partnarinstitusjonar i same land er avstanden mellom dei avgjerande for korleis opphaldet skal registrerast. Dersom det er meir enn 100 km mellom dei kan opphalda reknast som eit mobilitetsopphald. Er det meir enn 100 km mellom dei skal aktivitetane reknast som to ulike mobilitetsopphald, med to mobilitetsavtalar og stipendavtalar. Kvar av opphalda må oppfylle minimumskrava til ein enkelt mobilitetsperiode. 

Blanda mobilitet

Blanda mobilitet kombinerer fysisk mobilitet med ei virtuell læringskomponent før, under, og/eller etter den fysiske mobiliteten.

For tilsettmobilitet gjeld minimumsvarigheita på det fysiske opphaldet:

  • Tilsettmobilitet til EU-land eller tredjeland som er assosiert med programmet: 2 dagar
  • Tilsettmobilitet til tredjeland som ikkje er assosiert med programmet: 5 dagar
  • Opplæringsmobilitet til EU-land eller tredjeland som er assosiert med programmet for å delta i eit blanda intensivprogram (BIP): 5 dagar

Avtalar

Før mobilitetsopphaldet startar må den tilsette inngå to avtaler: stipendavtale og mobilitetsavtale.

Stipendavtale ("grant agreement")

Stipendavtalen er mellom den tilsette og sendarinstitusjonen. Malen for stipendavtalen finn du på HK-dir sine nettsider, under Vedlegg til kontrakter (Annex V):

Mobilitetsavtale ("mobility agreement")

 Før den tilsette reiser må sendarinstitusjon, mottakarinstitusjon og den tilsette godkjenne innhaldet i mobilitetsopphaldet. Dette formaliserast i ei mobilitetsavtale og kan gjerast elektronisk. Eventuelle tillegg til avtalen må gjerast skriftleg og oppbevarast på institusjonen. 

Deltakarrapport

Etter mobilitetsopphaldet er avslutta skal den tilsette fylle ut og levere rapport frå opphaldet. Den tilsette får tilsendt ei lenke til rapportskjemaet per e-post etter at sluttdatoen for opphaldet er passert. 

Dokumentasjon på opphaldet

For at sendarinstitusjonen og HK-dir skal kunne godkjenne et mobilitetsopphald, krevjast følgjande dokumentasjon:

Stadfesting på mobilitetsopphaldets varigheit og innhald

På slutten av opphaldet skal mottakarinstitusjonen utskrive dokumentasjon som stadfestar start- og sluttdato for opphaldet, samt at dei avtalte aktivitetar er gjennomført. Dette kan gjerast enten i den siste delen av mobilitetsavtalen («after the mobility»), eller i ei separat stadfesting. HK-dir har ikkje laga ei mal for ei slik stadfesting når ikkje mobilitetsavtalen nyttast til dette føremålet. 

Dokumentasjon på mobilitetsopphaldet

Alle  mobilitetsopphald kan bli gjenstand for revisjon av HK-dir eller andre. I tilfelle revisjon vil sendarinstitusjonen bli beden om å dokumentere at mobilitetsopphaldet har funnet sted og at stipendet er utbetalt frå institusjonens bankkonto og at det er motteken av stipendmottakar. Dette dokumenterast med stipendavtalen, mobilitetsavtalen (og eventuelt ei separat stadfesting på mobilitetsperioden) og bankutskrifter. Dersom dette ikkje kan dokumenterast kan det resultere i at stipendet må tilbakebetalast til HK-dir. Det er ikkje påkravd å dokumentere dei faktiske utgiftene ved mobilitetsopphaldet, så det er ikkje naudsynt å arkivere flybillettar, hotellreservasjonar eller andre kvitteringar i fall ei revisjon i samband med Erasmus+ programmet. 

Anerkjenning av mobilitetsopphaldet

Institusjonane skal anerkjenne mobilitetsopphalda etter prinsippa i ECHE og i mobilitetsavtalen med den tilsette. 

HK-dir oppfordrar institusjonane til å utvikle godkjennings- og meritteringsordningar for tilsette sine mobilitetsopphald slik at kompetansen dei utviklar og erfaringane dei får blir anerkjend.  

Institusjonane bør og sørge for at erfaringane dei tilsette har frå mobilitetsopphaldet deles, og slik kan være ei kjelde til inspirasjon for andre.