Praktisk informasjon (2021 - 2027)

Erasmus Charter for Higher Education (ECHE)

"Erasmus Charter for Higher Education" (ECHE) fastset dei grunnleggjande prinsippa og minimumskrava som høgare utdanningsinstitusjonar må overhalda når dei søkjer om og implementerer aktivitetar under Erasmus+-programmet (2021-2027). 

Alle høgare utdanningsinstitusjonar som ønskjer å delta i Erasmus+, må først søkje om og få innvilga ECHE før dei kan søkje om prosjektmidlar gjennom Erasmus+. 

For å få ECHE må institusjonen vere ein akkreditert høgare utdanningsinstitusjon, eller ein utdanningsinstitusjon som tilbyr akkrediterte studietilbod.

Hva er ECHE

ECHE er kvalitetsrammeverket for utdanningsaktivitetane Erasmus+-programmet omfattar, og innheld ei rekkje prinsipp institusjonane forpliktar seg til å overhalda. 

Charteret inneheld følgjande overordna prinsipp:

  • Respect in full the principles of non-discrimination, transparency and inclusion set out in the Programme.
  • Ensure equal and equitable access and opportunities to current and prospective participants from all backgrounds, paying particular attention to the inclusion of those with fewer opportunities.
  • Ensure full automatic recognition of all credits (based on the European Credit Transfer and Accumulation System - ECTS) gained for learning outcomes satisfactorily achieved during a period of study/training abroad, including during blended mobility.
  • Charge no fees, in the case of credit mobility, to incoming mobile students for tuition, registration, examinations or access to laboratory and library facilities.
  • Ensure the quality of the mobility activities and of the cooperation projects throughout the application and implementation phases.
  • Implement the priorities of the Programme:
    • By undertaking the necessary steps to implement digital mobility management in line with the technical standards of the European Student Card Initiative.
    • By promoting environmentally friendly practices in all activities related to the Programme.
    • By encouraging the participation of individuals with fewer opportunities in the Programme.
    • By promoting civic engagement and encouraging students and staff to get involved as active citizens before, during and after their participation in a mobility or project.

Charteret inneheld òg ei rekkje spesifikke forpliktingar institusjonane har ovanfor deltakarar før, under og etter eit mobilitetsopphald. 

Det er svært viktig at institusjonane som deltek i Erasmus+  set seg godt inn i charterprinsippa og overheld desse.

ECHE sjølv-evaluering 

Vil de kartleggje kor godt institusjonen implementerer charteret? No kan institusjonane bruke ECHE sjølv-evalueringssverktøyet for å forbetra deltakinga til institusjonen i Erasmus+. Resultatet er konfidensielt, men blir synleggjort i det nasjonale gjennomsnittet. HK-dir oppmodar institusjonane til å dele resultatet viss ønskjeleg, som eit utgangspunkt for overvakingsbesøk eller vidare oppfølging. 

Søknad om ECHE gjeld for programperioden 2021-2027

Søknader om ECHE blir send inn til og behandla av Europakommisjonen, og dei kontaktar Kunnskapsdepartementet for å få stadfesta at institusjonen som søkjar om charteret tilfredsstiller akkrediteringskrava.

Blir søknaden om ECHE innvilga, er den gyldig ut heile programperioden.

Det er mogleg å søkje ein gong per år, og institusjonen kan ikkje søkja om prosjektmidlar i Erasmus+ før chartersøknaden er innvilga. Dette inneber at institusjonen tidlegast kan delta i Erasmus+  året etter at dei har søkt om charter.

I søknadsskjemaet blir mellom anna følgjande informasjon etterspurt

  • organisasjonsdetaljar
  • institusjonens "legal representative" og kontaktperson
  • talet på studentar, tilsette og studieprogram
  • studiepoengsystemet
  • kurskatalog
  • beskriving av rutinar for kvalitetssikring av internasjonalt utdanningssamarbeid (førebuingar, oppfølging, godkjenningsordningar, o.l.)
  • tidlegare deltaking i internasjonale utdanningsprogram og erfaring med student- og tilsettmobilitet
  • kontaktinformasjon til den eininga som har ansvar for internasjonalisering ved institusjonen

I tillegg til dette må institusjonen og utarbeide ein "Erasmus Policy Statement" ("Overall Strategy") som institusjonen er pålagd å publisere på nettsidene sine dersom chartersøknaden blir innvilga.