Jobb i Diku

Diku skal styrke kvaliteten i norsk utdanning. Vi fremmer utvikling og nyskaping, internasjonalt samarbeid og digitale læringsformer.

Eigaren vår er Kunnskapsdepartementet og målgruppa er norsk utdanningssektor på alle nivå. Jobbar du med utdanning, jobbar vi for deg. 

Ledige stillingar 

Interessert i å jobbe i Diku? Her finn du oversikt over ledige stillingar.

Det er ingen ledige stillinger for tiden

Diku som arbeidsplass 

Diku er eit nasjonalt direktorat under Kunnskapsdepartementet. Det betyr at vi jobbar tett opp mot politisk leiing. 

I Diku har vi både praksisplassar og individuell tilrettelegging, i tillegg til lærlingar innan kontorfag og IKT. Vi har ei balansert kjønnsfordeling og fleire tilsette med fleirkulturell bakgrunn. Vi tilbyr eit miljø der trivsel, personleg og fagleg utvikling og respekt er viktig. 

Gruppebilde av Diku-ansatte samlet i den vakre hagen til Solstrand Hotel i Os utenfor Bergen.

Diku sine medarbeidarar har variert utdannings- og erfaringsbakgrunn, og fleire har utdanning på doktorgradsnivå. Dei tilsette har blant anna kompetanse innan programforvalting, internasjonalisering, digitalisering, kunstnarleg utviklingsarbeid, kommunikasjon og utgreiing.  

Mange av våre tilsette samarbeider med utdanningsinstitusjonar over heile landet om ulike tiltak for kvalitetsutvikling, medan andre jobbar tett opp mot EU og verda elles for å legge til rette for utveksling og andre typar samarbeid.  

Diku arbeider for heile utdanningsfeltet, frå barnehage til doktorgrad. Dette gir eit enormt spenn i både arbeidsoppgåver og samarbeidspartnarar. 

Som tilsett i Diku vil du ha spennande og interessante arbeidsoppgåver, og du vil få ny kunnskap og nye utfordringar. Diku har også gode pensjonsordningar. 

I tillegg til eigne medarbeidarar administrerer Diku tilsetting av nasjonale ekspertar til Europakommisjonen og Cedefop, samt utanlandslektorat. 

Diku er medlem i Statens pensjonskasse (SPK) og tilsette vert løna etter Statens lønnsregulativ. Vi praktiserer fleksibel arbeidstidsordning og er ei IA-verksemd.